Oda 768x512

Oda Holmelid Sandvik

Skriven 21.09.2017 under Trainee

Utdanning

Bachelor i Nye Medier frå Universitetet i Bergen.

Traineestilling

Eg er trainee som webkonsulent hos Mediebruket. Med denne stillinga har eg ganske varierte arbeidsoppgåver, men i hovudsak jobbar eg med å setje opp nettstadar for kundar i tillegg til å gi bistand til desse ved behov.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte på traineestillinga hos Mediebruket blant anna fordi eg syntest at bedrifta verka interessant og spennande å jobbe i. Eg såg for meg at eg kunne få nytte kunnskapen eg har frå studiet, mens eg samtidig får meir erfaring innanfor dei felta eg interesserer meg mest for. Det å kunne gå inn i arbeidslivet med ein eigen mentor var også noko som appellerte til meg då eg skulle søke. Oppå det heile var dette også ein moglegheit til å få jobbe i heimfylket. Då eg fekk stillinga var det derfor lett å takke ja!

Traineeordninga er ein perfekt inngang til arbeidslivet for meg som nyutdanna. Gjennom samlingane får du ein unik moglegheit til å bli kjend med både andre traineear og næringslivet i fylket. Dette gler eg meg til!