Nytenkande teknologiselskap i vekst

Skriven 13.10.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Vendanor har levert kvalitetsprodukt sidan 2013. Dei er stadig i utvikling og har dermed behov for fleire folk.

–  Det er utruleg kult å jobbe i ei bedrift som ligg så langt framme med cutting edge teknologival, seier dagleg leiar i Vendanor, Harold Wieldraaijer.

Han seier at det er både spennande og lærerikt å jobbe i skjæringspunktet mellom den digitale og fysiske verda, og meiner det er ein god grunn til at mange bør vende nasa mot Stryn og Vendanor.

Her får ein jobbe i ei spennande og framoverlent bedrift, som stadig er i utvikling og vekst. Læringskurva er bratt og ein får tidleg mykje ansvar. Kvifor skal ein då sjå mot dei store byane, undrar han.

Flinke og kravstore folk

Vendanor er eit teknologiutviklings- og produksjonsselskap med hovudkontor i Stryn.

Selskapet blei etablert i 2013, og har vakse jamt og trutt sidan den gong.

–  No har vi 14 tilsette hos oss. Her får ein jobbe saman med positive og hjelpsame kollegaer. Vi er ein gjeng med flinke og kravstore folk, seier han.

Med kravstore meiner han at kvalitetsstempelet som bedrifta har, automatisk forplantar seg vidare i dei tilsette. Alle stiller krav til seg sjølv i form av kvalitet og prestasjon, og ikkje minst at kundane skal bli fornøgde.

  Vi har «zero- toleranse» mot dårleg kundebehandling. Når ein potensiell kunde ber om referanse gir vi heile kundelista og ber vedkommande ringe den han vil. Så mykje tillit har vi til oss sjølv, seier ein stolt leiar.

Internasjonalt produkt

Hovudproduktet deira er ein propanautomat for ubetjent sal og bytte av propanflasker. Produktet er kjent for innovasjon og kvalitet, og finst no i fleire europeiske land.

–  No opplever vi sterk vekst, og jobbar med nye marknad og produkt. Derfor har dei no behov for fleire tilsette.

Sal og marknadsføring

Vendanor står like før ei produktlansering og vil derfor stryke  salsavdelinga med ein seljar. Arbeidsoppgåvene består hovudsakleg av oppsøkande sal, og ein må rekne med ein del reising.

–  Dette er ei perfekt stilling for ein relasjonsbyggar som er glad i å reise. Om vedkommande også har kompetanse innan digital marknadsføring er det full score. Det er også moglegheiter for at dette kan bli to stillingar, dersom vi får inn dei riktige søkarane, seier han.

Dei søker også etter ein teamleiar for produksjon og montering.

Stillinga inneheld ansvarsområdet innan mekanisk montering og elektrisk kopling, i tillegg til kontrolloppgåver. Stillinga vil også ha ansvar for styring av produksjon, arbeidsprosessar, øvrige forbetringsprosessar og HMS.

–  Vi håpar å få søknadar for personar som er glade i å jobbe i team og som er flinke til å motivere andre. Ei viss teknisk forståing er ein fordel, men personlege eigenskapar er det viktigaste i denne stillinga, avsluttar Wieldraaijer.

 

Hugs å søke innan fristen 15. oktober.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.