Nysgjerrig på Sogn og Fjordane?

Skriven 13.09.2018 under Nyheiter, Ukategorisert

Flaks! Vi tek med oss draumejobbar og festivalpass til Oslo kommande tysdag. Ser vi deg der?

18. september er Framtidsfylket på plass i hovudstaden for å synleggjere dei spennande karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane.
– Vi håpar mange tek turen innom standen vår denne tysdagen. Sogn og Fjordane har mykje å by på og det ønskjer vi å formidle vidare til studentane, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Møt oss her:
Georg Sverdrups hus, Universitetsbiblioteket
Adresse: Moltke Moes vei 39
Klokka: 11.00 – 15.00

Vinn festivalpass
I tillegg til å få betre innsikt i kva jobbar Sogn og Fjordane har å tilby, får du også moglegheit til å delta på vår konkurranse der ein heldig vinnar får med seg eit festivalpass til Utkantfestivalen 2019
– Det er så mykje spennande som skjer i fylket, også på fritida. Blant anna har vi mange fantastiske festivalar gjennom heile året. Ein av dei er Utkantfestivalen, som føregår på Skjerjehamn i Gulen ei helg i juli. Vi er så heldige at vi får dele ut eit festivalpass til denne nydelege festivalen, seier Hovland.

Foto: Utkantfestivalen

Foredrag: Frå trainee til fast jobb
Andreas Campbell Pedersen frå Hedmark har nyleg fullført traineeprogrammet gjennom Framtidsfylket, som har resultert i fast jobb i Sparebanken Sogn og Fjordane. No har også kjærasten flytta til Førde. Han skal på scena for å fortelje om korleis det er å vere trainee, både jobbrelatert og det sosiale i gruppa.
–  Mange lurer nok på korleis det er å vere trainee gjennom Framtidsfylket og nettopp derfor har vi valt ein fersk trainee til å snakke om dette. Pedersen har ingen tilknytning til fylket frå før, og då er det kanskje ekstra interessant å høyre hans erfaringar om møtet med både jobben og fylket Sogn og Fjordane, seier Hovland.

Bli betre kjend med Andreas her

Høyr Andreas Campbell Pedersen dele sine tankar og erfaringar rundt det å vere trainee gjennom Framtidsfylket! Han deler scene med fleire spennande foredragshaldarar. Vel møtt!

Tidspunkt: Onsdag 20. september, klokka 16.00 – 17.30
Stad: Auditorium 1 i Eilert Sundts hus på Blinderen

Les også: 24 av årets 27 trainear blir i Sogn og Fjordane

Trykk her for meir informasjon om Karriereuka 2018

 

På utkikk etter jobb i Sogn og Fjordane? Sjå her – kanskje du finn draumejobben!