Nordfjord vil lage 100 nye kulturbaserte arbeidsplassar

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

– Nordfjord skal bli eit alternativ til Oslo for kreative menneske. Det seier Synnøve Aabrekk, prosjektleiar for forprosjektet til kultur-næringssatsinga Vakn, eit prosjekt som tek mål av seg til å bidra til å skape 100 nye kulturarbeidsplassar i Nordfjord fram mot 2020.

Drivkreftene bak Vakn-prosjektet er jublande glade for tildeling av bulystmidlar til Vakn-prosjektet, skriv Fjordabladet. Kommunal- og regionaldepartementet løyvde nyleg ein million kroner årleg i ein fireårsperiode til den spenstige satsinga på kulturbasert næringsutvikling i Eid kommune og Nordfjord.

Eid har eit solid omland. Ifølgje Aabrekk kan kommunesenteret Nordfjordeid nåast med gode to timars køyring av 175.000 menneske.

Vakn tek mål av seg for å verte eit Nordfjord-prosjekt med utvikling av ulike typar kulturbaserte næringar i heile Nordfjord, alt frå design i Stryn, dans i Gloppen og kystkultur i Vågsøy og Selje. 

I Vakn-akademiet, som er tenkt plassert i Operahuset Nordfjord/Eid vgs, vil ein legge til rette for studiehospitering, gjennomføring av masteroppgåver og internasjonale work-shops. Planen er å få til eit samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Ein ser også føre seg at akademiet skal vere sete for eit såkalla kulturreir, der folk som har idear om kulturbasert næringsutvikling kan få hjelp til å utvikle desse vidare.  Vi har allereie gode førebilete i kulturgründarane bak Moods of Norway, Opera Nordfjord og Malakoff Rockfestival seier Aabrekk.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.