Fem leiarstillingar i den nye kollektiveininga – Søk no!

Skriven 27.05.2019 under Nyheiter

Skyss og Kringom slår seg saman frå 1.1.2020.

Det er lyst ut fem nye leiarstillingar i den nye kollektiveininga i Vestland fylkeskommune. Arbeidsstadane er Bergen, Førde eller Leikanger, avhengig av kva som vert avtalt med kandidatane. Den nye kollektiveininga i Vestland fylkeskommune skal overta oppgåvene som Skyss i Hordaland og Kringom i Sogn og Fjordane løyser i dagens to fylke frå 1. januar 2020. Namnet på den nye eininga er ikkje avgjort. Dette er stillingane:

Leiar for digitale tenester

Leiar for strategi og organisasjon

Leiar for mobilitetstenester

Leiar for kundeoppleving

Leiar for transporttilbod

Frist for å søkje er 5. juni.

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.