Møt oss i Bergen!

Skriven 01.10.2018 under Nyheiter, Ukategorisert

Vi kjem til Grieghallen for å vise nettopp deg alt det spennande som skjer i Sogn og Fjordane.

– Vi håpar å treffe på dei som kunne tenke seg full pakke. Ein spennande jobb, køfrie vegar og fantastiske friluftsmoglegheiter. I tillegg har fylket mykje å by på i form av kulturtilbod, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Møt oss her:
Stad: Grieghallen
Adresse: Edvard Griegs plass 1
Klokka: 10 – 15

Kule arbeidsplassar
Det er dessverre alt for få som veit om dei innovative bedriftene i Sogn og Fjordane som markerer seg ikkje berre i Norge, men også i heile verden. I fylket vårt har vi mange små og mellomstore bedrifter. Karrierestigen er bratt og ein vil få moglegheiter som ein ikkje nødvendigvis ville fått i ei større bedrift i dei store byane.
– Det er ekstremt mange kule arbeidsplassar her som folk knapt har høyrd om. Vi håpar studentar og andre kjem innom standen vår slik at vi får fortalt om desse, seier Hovland.

 

På utkikk etter jobb i Sogn og Fjordane? Sjå her – kanskje du finn draumejobben! 

 

Foto: Visit Flåm

Foto: Visit Flåm

Vinn to billettar til Flåm Zipline

Bli med på konkurransen vår og få moglegheit til å teste ut den lengste ziplina i norden. Den er på heile 1381 meter, og du kjem garantert til å kjenne pulsen stige. Konkurransen handlar om næringsliv og kulturliv i Sogn og Fjordane og alle har lov å delta (PS: det er lov å google seg til svara).
– Vi er så stolte over fylket vårt og vi elskar å vise fram at vi, i tillegg til eit spennande næringsliv, også har mykje å gjere på fritida, seier Hovland.

Snart ferdig utdanna?

1. desember vert traineestillingane for neste år lansert. Traineeprogrammet til Framtidsfylket er svært ettertrakta og søkartala har vore høge dei siste åra.
– Vi oppmodar dei som er gira på ein pangstart på karriera til å prate med oss om programmet. Traineeordninga er ein unik moglegheit til fagleg og personleg utvikling, få innsyn i eit spennande næringsliv og ikkje minst å knytte nettverk, avsluttar Hovland.

 

I august starta det 26 nye trainear i 20 ulike bedrifter i Sogn og Fjordane. Bli betre kjent med dei her.

Les også: Samlingane tvingar oss til å bryte isen