Migle Vaicekauskaite

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Bachelor i leiing med spesialisering på økonomistyring frå LTVK høgskulen i Litauen.

Traineestilling

Eg er trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane. Der skal eg jobbe 60 % på kundesenteret og 40%  med forretningsutvikling. Gjennom traineeåret vil eg prøve meg i forskjellege roller på arbeidsplassen, få mest muleg erfaring og bli kjent med dei andre traineane som har ulik kompetanse og bakgrunn.

Difor søkte eg på stillinga

Som trainee i Sogn og Fjordane blir eg betre kjent med sjølve fylket, bedriftene og dei andre traineane. Ordninga er ein perfekt inngang til arbeidslivet fordi ein som trainee får betre innsikt over kva som skjer i bedrifta enn om eg hadde vore tilsett i ein spesifikk stilling.

Refleksjonar rundt karrieremoglegheiter i Sogn og Fjordane

Det finst gode moglegheiter i Sogn og Fjordane. Det er mange store og små bedrifter her som ser etter folk med forskjellige bakgrunn, utdanning og kompetanse.

Framtidsutsikter 

Planen min er å ta Master i Innovasjon og Teknologi. Eg synst at det er eit veldig interresant, spennande og utfordrande område. 
Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.