Img0050 e1506411294405 768x577

Marita Leiknes

Skriven 26.09.2017 under Trainee

Utdanning

Eg er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskule (NHH) med ein master i finans. Før det tok eg ei bachelorgrad i økonomi og administrasjon med fordjuping i samfunnsøkonomi ved Høgskulen i Bergen.

Traineestilling

Eg er tilsett som revisor i Deloitte ved kontoret i Florø.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte på jobben fordi eg syns revisoryrket virka veldig spennande og fordi eg hadde god kjennskap til Deloitte som kompetansehus frå før av. Som nyutdanna får ein god opplæring innan revisjon og rådgjeving, og samanlikna med større kontor som i Oslo og Bergen, får ein tidleg mykje ansvar og moglegheiter til å vere med på større delar av eit revisjonsoppdrag.

Som trainee i framtidsfylket får ein moglegheit til å bygge nettverk og utveksle erfaringar med andre nyutdanna frå fylket, samt bli betre kjend med næringslivet og dei mange turopplevingane Sogn og Fjordane har å by på.