
Margunn Honningsvåg Kjørvik
Skriven 28.09.2018 under Trainee
Utdanning
Bachelor i Russisk språk og litteratur frå UiT/ Bachelor i Shipping Management frå NTNU Ålesund.
Traineestilling
Tilsett som trainee i Coast Seafood innan logistikk. Eg skal jobbe ilag med gode kollegaer på fly- og billogistikk, noko som innebærer å få fisken på plass der den skal vere – hos kunde til avtalt tid. Dette krev kontinuerlig oppfølging av fisken og kvar den er, samt kontroll av dokument og dialog med dei som transporterer fisken.
Difor søkte eg på traineestillinga
Sidan eg er frå Sogn og Fjordane har eg lenge vore klar over traineeprogrammet til Framtidsfylket og har fulgt med på kva selskap som har vore med. Då moglegheita for å bli trainee innan logistikk, og i tillegg i eit sjømatfirma som Coast Seafood, var det sjølvsagt at eg skulle søke.
Forventningar
Forventningane er at dette kjem til å bli eit hektisk og lærerikt år, men også at det bli sosialt og kjekt på og utanfor kontoret – hittil ser det bra ut!