Magne Furuholmen frå a-ha går inn i Moods-styret

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Multikunstnaren Magne Furuholmen, mest kjend frå poptrioen a-ha, har gått inn som styremedlem i Moods of Norway.

Magne Furuholmen har ingen eigarinteresser i Moods of Norway, men er har kome inn i styret på bakgrunn av sin spesielle kompetanse og internasjonale erfaring. Det skriv avisa Fjordingen.

-Vi kjenner Furuholmen og har hatt samarbeid med han tidlegare gjennom kunstutstillingane han har hatt på Flø. I fjor sommar presenterte han også sitt nye musikkprosjekt Apparatjik på Flø der vår butikk samarbeider med Studio Hugo Opdal. Det er mange parallellar mellom kunst og mote, og Furholmen er ein stor ressurs for oss, seier Jan Egil Flo i Moods of Norway i Stryn i Nordfjord.

 

(Foto: Andrew D. Hurley, Flickr CC BY 2.0)

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.