Lever teaterdraumen i Sogn og Fjordane

Skriven 19.08.2019 under Karriereprat, Nyheiter

Amerikanske Jeff Pedersen visste lite om kva som venta han som skodespelar og regissør då han flytta til fylket. No er han glad for valget han tok.

«Her kan eg lage noko unikt, noko unikt for meg og ikkje minst noko unikt for Sogn og Fjordane.»

Eg vaks opp i Winston-Salem i North Carolina, og eg flytta ikkje til Norge før etter 14 år i London og to år i New York City. Til dagleg er eg skodespelar og regissør, og har veldig store ambisjonar. Sjølve avgjerda med å busette seg i Sogn og Fjordane var vanskeleg. Medan vi hadde vårt andre barn på veg, var det fleire positive aspekt ved å flytte hit. Kona mi fekk tilbod frå Sogn og Fjordane Teater, svigerfamilien budde også her, og vi fekk moglegheita til å oppdra borna på ein liten stad med vakker natur.

Likevel visste eg at jobblivet mitt kom til å endre seg drastisk om eg flytta hit. Sannsynlegvis måtte eg gje opp karriera mi som skodespelar. Eg snakkar flytande norsk, men likevel har eg ikkje rett aksent. Tanken på å ikkje vere skodespelar var ikkje hyggeleg. For om eg ikkje var ein skodespelar, kven var eg då? Vi valgte likevel å flytte og kjøpte eit gammalt og nydeleg hus i november 2011 i Stongfjorden. Huset trengde noko oppussing. Det var i grunn godt med eit prosjekt som kunne halde meg opptatt, så eg ikkje vart galen i alt savnet til teaterets verden.

Frå West End i London til grotte på Staveneset

Karriera mi viste seg å gå mykje bedre i Noreg enn det eg først trudde. Eg nekta å senke ambisjonane mine, men visste også at eg ikkje kunne gå til verks som eg hadde gjort i England og New York. Her kunne eg ikkje jobbe like mykje med film, tv og i West End-miljøet i London. Samstundes visste eg at aksenten min og mangelen på nettverk ville gjere det vanskeleg for meg å jobbe som skodespelar. Likevel hadde eg  lyst å jobbe meir som regissør, noko eg også bestemte meg for å satse meir på.

Produksjonane måtte likevel skalerast ned, då mengda med tilskodarar ikkje kom til å vere stor nok. Eg visste likevel at eg kunne ha enda større ambisjonar om eg berre var tøff og kreativ nok. Her i fylket kunne eg jobbe i harmoni med naturen på måtar som eg aldri kunne gjort i London. Eg fann også stor glede i at lokale og nasjonale politikarar støtta ambisiøse prosjekt. Det første skodespelet eg produserte på eigahand, tok plass i ei grotte i Staveneset. Eg henta inn ein arkitekt for å designe eit spesielt amfi med sju grantre som holdt det oppe. Forsvarsdepartementet sendte krigsskip som skaut med kanoner i byrjinga av skodespelet. Vi selde ut til saman ti framsyningar, og heile 1300 besøkande tok turen til Staveneset for å bli fortalt lokale historiar. Fleire unger skodespelarar fekk også sin fyrste profesjonelle debut.

Inspirasjon frå omgivnadene 

Den neste oppsettinga eg regisserte var ein psykologisk thriller på Harastølen, som er eit forlatt tuberkolose-asyl i Luster kommune. Det var ein utruleg vanskeleg produksjon. Delar av bygninga var utrygg, og det var ikkje innlagt vatn eller elektrisitet. Vegen til asylet var også i dårleg stand. Det vart lagt inn elektriske kablar og lagd utedo frå fjellet. Elles fekk vi hjelp på hundre andre måtar av lokale dugnadsfolket. Vi la asfalt på vegane for at dei som ville sjå skodespelet ikkje skulle øydelegge bilane sine. Vi selde ut alle framsyningane og rundt 1000 sjåarar fekk sett Harastølen før det blir omgjort til hotell. 

 

Det er nokre utrulege historier å fortelle frå Sogn og Fjordane, og det eksisterer ikkje ein stad i verda med like fint landskap. Her kan eg bryte ut frå det tradisjonelt artistiske, for så å lage noko unikt. Noko unikt for meg, og ikkje minst noko unikt for Sogn og Fjordane. Og når eg har alle dei gale ideane, vil folk fortsette å støtte meg. Dette er med på å gjere meg både takksam og inspirert. Eg jobbar for tida med nokre nye prosjekt. Det eine tar plass på eit asylsenter i Jølster. I tillegg vil eg også framføre eit skodespel av Shakespeare med namnet “The Tempest” (Stormen på norsk). Det vil eg skal vere på toppen av Alden. Eg har mange planar, og alle dei er inspirert frå der eg bur og dei eg bur i lag med. Denne hausten skal eg også regissere min første opera, og i tillegg er det fleire spennande prosjekt som kjem. 

Set pris på lokalsamfunnet

Vi elskar huset og tomten vår. Ungane kan gå trygt i nabolaget, lyden av foss og ugler er høgare enn lyden av trafikk. Jentene våre elskar å ha familien til kona mi i nærleiken, noko som også er veldig til hjelp for oss. Naboane i Stongfjorden er åpne og imøtekommande. Eg vart invitert til å halde tale på 17. mai medan vi budde vårt første år her. Seinare når eg med eit uhell starta ein brann i graset utanfor, kom 30 naboar og redda oss. Vi jobba hardt med huset, men det var verdt det. Eg føler meg heldig som får å bu i det. Her kan eg gå ut og plukke plommer, eple, blåbær, eller grønsaker frå hagen vår. Elva ved huset vårt er full av ørret og laks, og eg kan dra ut med båt og fiske krabber eller hummer. Medan jentene mine ser på det som normalt, tenker eg at det er fantastisk.

Lever livet han ønsker

Det er ikkje alltid like lett å bu her. Eg jobbar kvar dag, enten på eit teater, eit sett, eller på kontoret. Om eg ikkje gjer det og eg ikkje får gjennomført prosjekta mine, kan eg stå utan lønn i seks månader. Då eg flytta inn i huset mitt, hadde det ikkje bad og kvar einaste vegg og tak måtte pussast ned og malast om. Eg trengte nytt kloakksystem og legg inn straumløysingane på nytt. Livet her er på ingen måte enkelt, men det er verdt det. Aldri i verda ville eg budd ein annan stad, og eg kunne aldri jobba som eg gjer no nokon annan stad. Her må eg jobbe hardt, men eg lev livet på min eigen måte og slik eg vil leve det. I ein periode pendla eg til Oslo for å lære bort skodespel. Det enda med at dei ga meg tilbod om ei stilling i 100% der, men eg takka nei fleire gonger. Kollegaane mine i Oslo kunne ikkje forstå kvifor eg ikkje tok ein så god jobb og bytta lokasjon frå Sogn og Fjordane til fordel for Oslo. Dei forsto det når dei kom på besøk hit.

Jeff Pedersen

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.