Ledige stillingar i Sogn og Fjordane!

Skriven 21.11.2018 under Nyheiter

Spennvidda er stor på vekas jobbar. Sjekk ut!

Webmegling i Bygstad leitar intenst etter ein dagleg leiar til dotterselskapet Webbolig, og no nærmar søknadsfristen seg. I samarbeid med New York-avdelinga skapar  dei marknadsleiande teknologi for eigedomssal, og du får vere med på ei spennande utviklingsreise. Jobb i eit kult miljø med kort veg til aktiv fritid! Søknadsfrist er 15. desember!

Har du naturfagleg utdanning på bachelor- eller masternivå? Då skal du sjekke ut to svært spennande stillingar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane:

Naturfolvaltar-jobbar veks ikkje på tre, så her er det berre til å hive seg rundt!

Les om Alf Erik Røyrvik som er verneområdeforvaltar for Naustdal-Gjengedal og Ålfotbreen.

Lyst til å jobbe med denne trivelege gjengen?

Firda søker journalist i 100 prosent fast stilling i Norges største nynorskavis. Du får jobben med å fortelje dei gode historiene og stille dei viktige spørsmåla i ein utfordrande og variert kvardag. Har du nyheitsteft og evnar å finne gode vinklingar?  Hugs å søke før 1. desember!

Brødrene Aa er lokalisert i Hyen med omlag 170 tilsette. Verftet er leiande nasjonalt og internasjonalt på bygging av hurtiggåande fartøy i karbonfiber, og no er dei på jakt etter ein skipsingeniør som skal arbeide med marine konstruksjonar. Sjekk ut om du har ingeniørutdanning!

INTIN AS har mål om å bli den leiande faghandelen i Norge på ny smarthusteknologi. No satsar dei offensivt og søker både dagleg leiar og ein smarthusentusiast med på laget.

Ikkje det du såg etter? Alle våre ledige stillingar finn du her.

God jobbsøking!

 

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.