Ledige jobbar i november

Skriven 2018-11-07 under Nyheiter, Ukategorisert

Sjekk ut spennande stillingar i Sogn og Fjordane!

Norse Feedback er ein nytenkande metode for å jobbe innan psykisk helse, og no ser dei etter nye medarbeidarar: ein prosjektleiar og fleire utviklarar til ei ny teknisk gruppe med ansvar for vidareutvikling av løysinga. Bli med på laget!

Difi er på jakt etter ein kommunikasjonsrådgjevar. Arbeidsstad er i Leikanger, og du vil arbeide tett med avdeling for digitale fellesløysingar og tilsyn for universell utforming av ikt.

Enivest er den største kommunikasjonsaktøren  i Sogn og Fjordane, og har to ledige stillingar. Dei søker etter ein kommersiell, strategisk og inspirerande salssjef bedrift og ein dyktig og engasjert kunderådgjevar – begge til bedriftsavdelinga i Førde.

Selstad er ein internasjonal leverandør av kompetanse og utstyr til maritime næringar, og no ser Måløy-bedrifta etter ein som kan drive med internasjonalt sal og ein FoU-leiar som har ansvar for å ta initiativ til, koordinere og styre Selstad si utvikling innan innovasjon og produktutvikling.

Har du lyst til å jobbe som jurist med spennande rettsområde? Fylkesmannen har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag med arbeidsstad Leikanger.

Fjordane engineering leverer engineering- og prosjekttenester til olje & gass, energibransjen, landbasert industri, fiskeri og offentleg sektor. No ser dei etter ein prosjektingeniør – maskin.  Søknadsfrist 3. desember.

I tillegg er det akkurat no mange ledige stillingar innan helse og omsorg. Det er behov for både psykolog, lege, sjukepleiar og helsefagarbeidarar i trivselsfylket. Sjå alle ledige stillingar her.