Ledige jobbar i mai

Skriven 20.05.2019 under Nyheiter

Ta ei pause frå sola og surf etter ledige stilligar i Sogn og Fjordane. Som vanleg mykje spennande i vår jobbportal.

Foto: Kristine Slettehaug og Marie Tefre Birkeland, begge kommunikasjonsmedarbeidarar i Framtidsfylket. 

Denne gongen har vi gleda av å starte med oss sjølve. Det har seg nemleg slik at to av våre kollegaer har tatt jobben med å rekruttere nye innbyggjarar til Sogn og Fjordane til eit nytt nivå: Ein av dei er i foreldrepermisjon, den andre skal. Difor ser vi etter ein Kommunikasjonsmedarbeidar som er rå på å skape godt innhald og vil vere med å utvikle Framtidsfylket inn i nye Vestland. Stillinga er eit vikariat med sjanse for forlenging. I jobben får du oppleve fantastiske Sogn og Fjordane, vere del av det nyoppstarta kontorfellesskapet Peak Sunnfjord og ta del i mange spennande kommunikasjonsoppgåver. Vi håpar veldig å høyre i frå deg!

RKH Rehabiliteringssenter i Fjaler ser etter ein Spesialist i fysikalsk behandling og rehabilitering. Stillinga passar for deg som ønsker å arbeide med eit ressursorientert fokus innan rehabilitering. Senteret har rundt 90 tilsette fordelt på fleire ulike faggrupper og ligg i naturskjøne omgjevnader i Flekke.

Foto: Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler.

NOREC (Fredskorpset) finansierer og legg til rette for at verksemder og organisasjonar i Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika kan utveksle fagpersonar og frivillige seg imellom. No har dei behov for fleire nye medarbeidarar i Førde:

Helse Førde har lansert tre svært spennande sommarjobbar. Kunne du tenke deg å vere Forskingsassisten i NORSE i fem veker? Programvara Norse Feedback er basert på forsking og ein nytenkande metode for å jobbe innan psykisk helse. Om du ser deg sjølv som effektiv og strukturert, må du hugse søke før 31. mai!

Sognekraft har for tida høg aktivitet og søker etter initiativrik, samarbeidsvillig og resultatorientert Prosjektleiar i utbyggingsseksjonen. Her får du sjansen til å delta i utbygging av nye vasskraftanlegg og jobbe med fornybar energi på ein arbeidsplass med stor takhøgd og mykje moro.

Difi har to ledige stillingar. Dei ser etter ein Systemutviklar ID-porten som har lyst til å jobbe med viktige nasjonale fellesløysingar i staten og ein Teknolog som vil jobbe med universiell utforming av ikt, digitalisering og tilgjengelegheit.

Her finn du fleire ledige stillingar i Sogn og Fjordane. God jobbsøk!

 

 

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.