Krabbetor hjelper til

Skriven 30.01.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

For fjerde karrieremesse på rad, skal Krabbetor FK hjelpe Framtidsfylket når den årlege karrieremessa i Bergen går av stabelen tirsdag 4. februar i Grieghallen.

Den vesle fotballklubben som vart stifta i 2007, såg dagens lys då ein gjeng med studentar frå HAFS skulle spele innandørs cup i Bergen. Tolv år seinare er det berre eit damelag i klubben, men samhaldet og stemninga har aldri vore betre, i følge styreleiar, Aina Vårdal Heggøy.

– Eg har sjølv flytta heim til Vårdal i Askvoll kommune, men er fortsatt leiar for Krabbetor FK. Eg greier ikkje gi slepp på det heilt endå. Samstundes er det også viktig å delta på julebord, seier ho og ler.

Viktig bidragsytar for karrieremessene

Sjølv om dei har vore deltakarar på messene til Framtidsfylket i lang tid, har det blitt mykje meir ansvar rundt messene dei siste åra. Etter at dei begynte å hjelpe til på messene i 2016, har dei tatt i mot gjester, stått for registrering, steikt sveler, vore vertar og bidrege til å sette opp standar for bedriftene. 

– Om vi ikkje hadde vore “på jobb” under messa, hadde nok dei fleste av oss deltatt på messa. Vi er ganske patriotiske og heimkjære, og saknar heimstaden. Derfor har det vore godt å kunne sjå moglegheitene som ligg lengre nord, forklarar Aina som fann vegen tilbake etter endt studie.

Styreleiar i Krabbetor: Aina Vårdal Heggøy

 

Eit namn utanom det vanlege 

– Vi får mykje merksemd på grunn av namnet vårt, seier dagleg leiar i Krabbetor, Aina Vårdal Heggøy.

Historia bak namnet er ho litt meir usikker på, men støttar seg til ein variant som går tilbake då ein av stiftarane jobba på krabbefabrikk. Då Tor Einar Erikstad fekk kallenamnet “Krabbetor”, vart det også namnet til klubben.

– No kjenner jo fleire og fleire til klubben, etter at vi har eksistert i mange år. 

Heimkjære

Stemninga blant fleire på laget, var at dei skulle flytte heim etter endt studie, i følge Aina. 

– Det låg liksom i planane til fleire av oss. Vi skulle heim når vi var ferdige å studere. Sjølv om ein bur i Bergen, greier ein å halde på mykje av det same miljøet som “heime”. No er vi spelarar frå fleire stader i Sogn og Fjordane, men også litt utanfrå, fortel ho.

Krabbetor-leiaren rundar av med å fortelje om miljøet i klubben. – Vi er mange som kjenner kvarandre frå då vi spelte fotball i gamle trakter. Den gongen spelte vi mot kvarandre, men no står vi på same side av midtstreken ved avspark.

– I framtida kan det hende vi legg inn ein klausul i kontrakta, der spelarane må flytte heim etter endte studier, seier ho og ler.

PS! I år kan du vere med å støtte Krabbetor-damene heilt gratis, om du opplyser at du er registrert gjennom dei til messa når du registrerer deg i inngangen til Grieghallen.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.