209500viewmathiasfredriksson 768x511

Konkurranse: Vinn guida tur opp Via Ferrata i Loen!

Skriven 21.06.2018 under Nyheiter, Ukategorisert

Vis oss din arbeidskvardag - eller ta bilder av andre sin. 

Alle som er i Sogn og Fjordane i sommar, enten dei er på ferie eller er busett i fylket, må plukke opp telefonen og bli med.

Næringslivet i fylket er rikt, innovativt og variert. Hjelp oss å vise fram dette gjennom sommaren. Vi vil sjå bilder av fiskeoppdrett, turistnæringa, butikkjobbar, it- og teknologibransjen, kraftbransjen, restauranter og gårdsdrift, og mykje meir. Vi vil sjå alt. Gjerne pakka inn i den lekre ramma vi bur i. Klarar du å få fram både næringsliv og natur i eit og same bilde? Her er det berre å vere kreative!

Det er sjølvsagt ingen øvre grense på kor mange bilder ein kan legge ut. Jo fleire, jo betre!

Oppgåva er enkel:
Ta bilde, legg ut på instagram og bruk hashtaggen #framtidsfylket

Vinnaren kårast 1. september 2018.

Premien er sponsa av Loen Active.
Du kan lese meir om dei her: http://www.loenactive.no

NB: Premien gjeld 1 person, og turen ned igjen med Loen Skylift er ikkje inkludert.