Kompetanse til disposisjon

Skriven 13.02.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Kvart semester blir mykje god kompetanse ståande ubrukt. No frir studentane til bedriftene, i håp om å få bli høyrt.

 

Under karrieremessa på HVL Campus Førde, tok Framtidsfylket ein prat med studentar frå Høgskulen.

Klar til bruk
Svara var stort sett dei same frå studentane. Dei hadde satt stor pris på å kome inn i prosjekt, deltidsjobbar og liknande, kor dei fekk bruk for kompetanse dei sat inne med. Med 22 ulike program i alt frå forkurs til doktorgrad innan ei rekke fagfelt, ligg det enorme og ubrukte moglegheiter innanfor veggane på campuset i Førde.

Vil bli utfordra
Studentane er ikkje i tvil om at dei kunne brukt utdanninga dei sit inne med. Magnus Zaza studerer til å bli ingeniør innan både automasjon og elkraft. Han meiner dei lærer mykje som dei kan ta med inn i arbeidslivet av teori, men at dei manglar mykje praksis.

– På skulen les vi i boka, men i arbeidslivet møter vi faktisk utfordringane. Når vi berre leser teori, blir det vanskelig å realisere dei aktuelle problemstillingane, fortel studenten.

Ballen på bedriftene si side
No håper studentane at bedriftene tek oppfordringa deira, og opnar opp for fleire deltidsstilingar, moglegheiter til å bidra i prosjekt, freelance, sommarjobbar og bedriftsbesøk. Studentane Framtidsfylket snakka med, var alle einige i at dei kom til å melde interesse om eit tilbod skulle dukke opp i framtida.

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.