Klart for nye snørike eventyr og Fjellsportfestival

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Festivalsjef Magnus Aashim lovar eventyriske aktivitetar, spektakulære konkurransar og at den 6. Fjellsportfestivalen vert den beste i rekka.

På tur med tindevegleiar under Fjellsportfestivalen. Foto: Aslak Os

Aasheim har hanka inn eventyriske utøvarar til Sogn og Fjellsportfestivalen 2014, som går av stabelen torsdag 20. februar.

– Eventyraren Aleksander Gamme tek oss med på fjellskitur og ekspedisjonskurs, medan verdas beste frikøyrar Aurelien Ducroz kjem for å konkurrere med fleire av dei beste frikøyrarane i landet, seier han. 

Fjellsportfestivalen har like breitt program som det finst snøaktivitetar og dukar opp med noko for dei fleste. Skredkurs, snøbretturar, alpin topptur, isklatring for nybegynnarar, redningskurs, fotokurs, boogie, skiteknikk-kurs, laussnøjakt i Sogndalsdalen, og mykje meir. 

Mangnus Aasheim (t.h.) gler seg til den kommande Fjellportfestivalen. Foto: Aslak Os

Den ultimate plassenFestivalen vert arrangert årleg av Bratt Moro og skal inspirere, motivere, utdanne, underhalde, utfordre, samle og engasjere dei som har mykje, lite eller ingen erfaring med vinterfjellsport. Midt i hjartet av fjell- og fjordnorge, med sine bratte fjell, djupe dalar, nydelige fjordar og snørike vintrar er Sogn den ultimate plassen å arrangere Fjellsportfestival.

– Det er og flust med kjekke folk, både lokale, besøkjande og andre luringar, ein kan møte denne helga. Og om du er nysgjerrig på Sogn er Fjellsportfestivalen rette høve til å ta ein tur, seier festivalsjefen.

Du kan kjøpe festivalpass, melde deg på arrangement, tur eller kurs på fjellsportfestivalen.no

– Men ver kjapp, nokre av kursa er allereie fulle.

Fjellsportfestivalen 2014Tid: 20.-23. februarStad: Sogndalwww.fjellsportfestivalen.no

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.