Påmelding karrieremesse
Hildeostbosogndalfotball 768x512

Karriereprat: Kommunikasjonssjefen

Skriven 01.12.2017 under Karriereprat, Nyheiter

Hilde Østbø valgte traineestilling i Sogndal framfor storbyliv i Singapore!

Sogndal. Saftbygda. Joda, eg hadde no høyrt om staden, men måtte ta eit raskt googlesøk for å vere på den sikre sida. Studieplass var innvilga, men eg skulle no berre vere i Sogndal i 6 mnd for å fullføre eit årsstudium i idrett. Snart 7 år seinare er eg framleis i Saftbygda – staden eg er blitt så ufatteleg glad i.

”Vegen blir til mens ein går” seiast det, og det gjer den sanneleg. Ofte er det små tilfeldigheiter som blir avgjerande for vala ein tek. Sjølv er eg oppvaksen i Stavanger, by-jente, men har alltid vore fascinert av bygdelivet og den norske naturen.

Mitt første møte med Sogndal var studielivet og Fosshaugane Campus. Særleg Campus har stått sentralt i mi tid her i Sogndal. Både som student, og no som tilsett. Miljøet som er etablert her har nok og hatt mykje å seie for korleis eg har opplevd bygda. I Sogndal er samspelet mellom menneska som bur her, næringslivet og naturen heilt unik. Her blir ein alltid møtt av eit høgt ”ja!” når man luftar nye idèar, og som tilflyttar blir ein raskt inkludert. Menneska som bur her har ambisjonar og ein iver etter å lykkast på sine område. Det er i alle fall mine erfaringar. I tillegg er det ein sterk interesse for å utnytte friluftslivsmoglegheitene som ligg i nærmiljøet.

Sjølv om Sogndal vaks på meg, har eg og prøvd å flytte frå bygda. I 2014 freista utlandet og nye karriereveger. Skulle eg bli i Noreg måtte eg fullføre ein ny bachelor, og eg var ikkje gira på tre ekstra år på skulebenken. Valet blei difor Singapore og ein master i Business and Administration.

By vs. Bygd
Kontrastane var store. Singapore er ein dynamisk storby midt i Asia, med eit vestleg mindset. Klesstilen er formell, høge hæler er eit must og flybilletten t/r Filippinene kostar ironisk nok halvparten av dét det kostar t/r Sogndal-Stavanger. Reising og opplevingar har alltid vore viktig for meg. Eg likar fart og spenning, og er stadig på utkikk etter nye utfordringar. Singapore hadde det meste, og eg var fast bestemt på å få meg jobb i byen. Men tilfeldigheitene ville det annleis. Eg var heime på juleferie og blei tipsa av ein kamerat om ein ledig traineestilling i Sogndal Fotball. Returbilletten til Singapore blei byta ut med ein køyretur til Saftbygda. Det er eit val eg ikkje har angra på.

”I svart og kvitt me stormar fram”
I dag jobbar eg som kommunikasjonsansvarleg for ein av Sogn og Fjordanes sterkaste merkevarer, Sogndal Fotball. Kvardagen i ein fotballklubb er aldri lik. Det er høgt tempo, mykje kjenslar, spenning og godt samhald. Det er spennande å jobbe med ein merkevare som engasjerer så mange og som fleire har eit forhold til. Det svingar raskt i fotballen, og det er kanskje det som gjer den så interessant.

For meg har det vore viktig med ein spennande arbeidskvardag, samtidig som man har turmoglegheiter rett utanfor døra. Vil eg prøve å flytte frå Saftbygda igjen? Kven veit, men enn så lenge har eg ingen planer om å dra nokon stad.

Stao no pao!