Karrierepratkarrieresatsinggjennombolgjedalarlarge41547 768x576

Karriereprat: Karrieresatsing gjennom bølgjedalar

Skriven 20.01.2014 under Blogg, Karriereprat

Kvifor vente så mange år før du gjev ut plate, spurde ein journalist meg nyleg. Då skjønte eg at tida var komen for å ta eit viktig karrieremessig val. Skulle eg tie eller tale?  Kva konsekvensar har det hatt for utviklinga av mitt eige produkt og særpreg at eg i mange år har hatt diagnosa bipolar liding? Og kva konsekvensar vil det få å være open om det? 

Inst inne har eg aldri vore i tvil om at eg ville stå på ei scene. Allereie som barn hadde eg ein draum om å reise landet rundt og synge for folk. Som tenåring visste eg at eg ville bli låtskrivar og utøvar. Det til tross for at eg strevde veldig med nervøsitet og ikkje var heilt komfortabel med å stå på ei scene på den tida.

Etter å ha fått inspirasjon og tips om å vidareutvikle mitt musikalske talent allereie etter ungdomskulen, så var det berre eit val som var aktuelt – musikklinja. Ei fantastisk spennande og lærerik tid kor eg fekk oppleve mykje godt både sosialt og musikalsk. Men likevel var det eit svart slør som la seg over auga mine.

Som ungdom forsto eg aldri sjølv kva det var, men det blei med åra berre vanskelegare og vanskelegare å få gjort alt ein skulle. Det var noko som ikkje stemte. Karakterboka og konsentrasjonen var ikkje den same lenger. Det einaste som heldt toppkarakter var saksofonen.

Året på Viken Folkehøgskule på Gjøvik hadde mykje å sei for mi vidare karriere, og gjorde til at eg kom inn på Rytmisk linje i Kristiansand.  Eg hugsar så godt at eg tenkte at no må eg verkeleg bruke denne sjansen godt. Begynne med blanke ark og fargestiftar frå dag ein. Ta meg saman. Vere takksam og arbeide hardt dei neste fire studentåra. Men sjølv om alt var tilsynelatande bra med både venner og musikken, var det likevel noko som ikkje stemte i meg.

Eg prøvde fleire gongar å få hjelp via helsevesenet, men blei ofte møtt med at dette var truleg berre noko studentgreie. Sikkert berre ein fase. Eg prøvde kvart år å ta meg saman og halde fast på satsinga mi. Utvikle mitt talent.

Hausten 1999 sa alt stopp og eg la meg til slutt inn på psykiatrisk avdeling for å få hjelp. På akuttmottaket på den lukka avdelinga gjekk døra bak meg i lås, og eg visste at det ikkje lenger var rom for å ha fokus på karriere på lang tid. Her måtte eg lære meg symje for å overleve bølgjekreftene.

Pågangen på sjukehus er stor, så det var ikkje mange dagar eg fekk vere der. Eg gjekk derfrå og inn i eit milleniumsår av ei anna verd.

For mi diagnose var ikkje depresjon åleine, det var eigentleg bipolar liding – den tidlegare ”kunstnarsjukdomen” manisk depressiv. Behandling med ”lykkepillar” mot depresjon er som gift for dei som også kan ha maniske oppturar. Maniar er noko av det beste ein kan oppleve, MEN etter kort tid går det over i rein ukritisk galskap. For meg personleg er maniar den farligaste fasa og den som det tek aller mest tid å bearbeide i etterkant. ”Det går eit fly frå Europa til eit fritt USA….” står det i ein Fabel song. Men det er eit langt og for det meste privat kapitel å skrive om……

I åra etter har eg laga mine eigne låtar, spelt litt i andre prosjekt, jobba i forskjellege deltidsjobbar, gått til behandling og lært meg sjølv betre å kjenne – mine symptom og mine eigne grenser. Karrieredrivet mitt har aldri stoppa opp, men det måtte berre gå sakte framover i lang tid. Eg har i alle år gjort nokre forsøk på diverse Laila B Band konstellasjonar, men det er kostbart økonomisk og utan fast jobb har det vore vanskeleg å investere i musikken.

Vendepunktet mitt kom i 2008/2009 då eg fekk innvilga Statens Kunstnarstipend for yngre kunstnarar. Då fekk eg mulegheit til å dyrke musikken 100 prosent. Det blei starten på albumet eg gir ut i desse dagar. Starten på å endre kurs frå engelske til norske tekstar. Ei utruleg viktig tid for å utvikle meg som musikar og låtskrivar.

For min del er det ikkje vanskeleg å prate om min diagnose, for kvardagen min handlar heile tida om å halde balansen og leve med sjukdomen. Mest handlar det om heilt konkrete ting som medisin, trening, mat, søvn og å førebygge uønska sjukdomshendingar i periodar eg veit det blir full trøkk. Det handlar og om å ikkje gå inn i alt ein opplever der og då, men heller ta inn informasjon og la det synke litt før ein agerar. Det er hardt arbeid å jobbe med den bipolare delen i seg sjølve, men det positive er jo og at mange av dei same sidene er viktige i mitt eige karrierejag.

Så gjenstår det å sjå om det er strategiske lurt å vere open eller ikkje. Eg tenker mest på mine kommande kundar – publikum. Gagnar det dei å vite det? Eller kryssar ein grensa over kva som er personleg og kva som er privat å dele? Vil sponsorar la være å satse på meg fordi dei no veit at eg har vore ustabil i periodar? Kven kan ha nytte av at eg er open om dette? Kva har karriera mi godt av og ikkje?

Uansett kva som kjem ut av min openheit rundt temaet, så får eg i alle fall sett lys på noko av det viktigaste for meg: at ein kan gjere sine svakheiter om til styrker. Å være bipolar gjev nokre dimensjonar og perspektiv som er gull verdt om ein har ambisjonar innan sin bransje og om ein brukar dei bipolare kreftene rett. Men det krev sjølvinnsikt og at ein er førebudd på å sette inn hjelpeapparatet når det trengst.

Å be om hjelp er den største styrken eit menneske kan ha, men også det som kostar ein mest å erkjenne.

Eg er i min prosess definitivt blitt endå meir svolten på å vidareutvikle meg som ei tydeleg og ambisiøs karrierekvinne iført kjole av stål. Feminin, mjuk og hard, svak og sterk på same tid. Med eit stort varmt hjerte for mitt yrkesval og mine mål.

Laila Beathe Førde kjem til Trondheim, Bergen og Oslo for å halde gratiskonsertar med Laila B Band i samband med Framtidsfylket Karrieremesser.Meld deg på arrangementa her.

Alle foto: Fazett Studio ved Frøydis Geithus