Frå IT konsulent i Oslo til Datavarehusarkitekt i Florø

Skriven 23.02.2017 under Karriereprat, Nyheiter, Ukategorisert

Silje Sunde (37) trudde ikkje ho kunne kombinere IT-karrieren med livet ho såg for seg ved kysten. Så traff ho Sparebanken Sogn og Fjordane på karrieremessa i Oslo.

Det er ei eiga type kraft som mellom anna virkar mellom ein sognogfjording og heimfylket. Ei kraft som Newton ikkje oppdaga og som det generelt har vore forska lite på, men dikta mykje om. Krafta er ein slags kjærleik som brenn i hjartet og varmar i kroppen. Heimlengsel. Du kjenner den godt når du sit på ein overfylt trikk i Oslo eller trakkar i kø opp Ulriken. Ho gir deg ikkje fred før du står tett opp under Kong Olav-statuen i Skjerjehamn og ser på Karpe Diem, kjenner sanden mellom tærne på Grotlesanden eller speidar utover Florø by frå Brandsøyåsen. Da er du i optimal balanse igjen og kjenner at alt er rett.

 

For meg vart krafta for sterk til å motstå etter at eg fekk barn.  Oslo var fint, det. Utrulig spanande jobb, kjekke naboar, fint hus og fint vær. Men eg kjente lengselen etter regnet og hauststormane, fjellet, havet, småbylivet, familien. Etter 5 års siv.ing. studie i Trondheim og 10 år som IT-konsulent i Capgemini og Accenture, kjente eg brått at tida var inne. Ein har berre eitt liv (trur eg), og eg ville ikkje at mine foreldre berre vart ferie-besteforeldre til mine barn. Eg syns eg skulda barna mine mulegheita til å skape ekte og nære familierelasjonar, slik ein berre klarer om ein er mykje i lag. Når vi spurde oss sjølve om kvifor vi budde austanfor i staden for i Florø, fann vi ingen gode svar. Det var berre gamal vane.

 

 

Ein mørk og kald vinterkveld i februar 2015 tok eg turen til Månefisken på Torshov for å få ein etterlengta smakebit frå Sogn og Fjordane midt i Oslogryta, og for å sjå kva Framtidsfylkets karrieremesse hadde å by på denne gang. Mest med det same eg steig inn i varmen, kom eg i prat med Janne-Marie på Sparebanken Sogn og Fjordane sin stand. Det vart starten på vegen heimatt. «Driv de med datavarehus?!» Eg vart i fyr og flamme, for jobbar innan mitt eige ekspertfelt hadde eg ikkje sett utlyst i løpet av dei to åra eg hadde hatt automatisk jobbsøk på Sunnfjord-jobbar på Finn. Dette var jobben eg hadde venta på og det var eit tilfeldig treff på messa som skulle til for å finne den. Nokre få månader seinare køyrde vi flyttelass, med nasa vendt vestover.

I Sparebanken Sogn og Fjordane har vi eit særs spanande og pulserande miljø som arbeider med forretningsutvikling. Banknæringa må tilpasse seg den digitale tidsalder, kundane våre vil ha banktjenestar over smarttelefon, og vi lever etter matraet: Enkelt, Smart og Tilgjengeleg. Vipps-generasjonen er eit faktum. Spotify revolusjonerte musikkbransjen, Über truar tradisjonell taxi-bransje, og AirBnB har blitt en stor konkurrent til hotellnæringa. No trur vi at banknæringa står for tur for digitaliseringsrevolusjonen. Og eg får være med på reisa, direkte i frå Sogn og Fjordane.

Heimlengsel. Den riv ikkje i meg lenger no. Eg er på rett plass.