Karrierepratfamiliekarrierejatakkbeggedelarlarge41607 768x576

Karriereprat: Familie? Karriere? Ja takk, begge delar!

Skriven 15.05.2014 under Karriereprat

Kombinasjon av karriere og familie vert ofte samanlikna med stressande og kolliderande kvardagar. Tidsklemma om du vil. For meg har ikkje koplinga vore noko problem. Å sameine karriere og småbarnslivet i Stryn byr på lite bryderi. Spesielt når ein har bedriftsleiarar som ser heile menneske. 

Tru meg, eg har nok å henge fingrane i. Eg jobbar som driftsingeniør i Stryn Energi, driv for tida med husbyggingsprosjekt heime på garden, har ei aktiv fritid og er far til småttisane, Eirik og Marius.

Likevel, småbarnsliv og karriere går bra.

Det var våren 2008 valet vart teke. Spørsmålet om eg ønskte å overta småbruket i Stryn der eg vaks opp kom i innspurten på masteroppgåva. Eg hadde eigentleg budd meg på nokre år i eit større selskap i anten Trondheim eller Oslo før eg ville vende heimover, men no fekk eg altså tilbodet om å ta over den finaste plassen i Stryn.

Valet var enkelt, og etter ei runde med kjærasten min, som er oppvaksen i nabokommunen, fall avgjersla om å satse på Stryn og Sogn og Fjordane.

Litt av grunnen til at vi ville flytte heimover var at ungane våre skulle få oppleve den same trygge oppveksten som vi hadde sjølve. Alle aktivitetsmoglegheitene i området og nærleiken til skog, vatn, fjell og andre «ekspedisjonsmål» ligg berre og ventar på oss rett utanfor døra. Å gje ungane våre gode opplevingar ute i naturen er viktig for oss.

Til tider vert det kanskje litt for mange opplevingar på ein og same gong. Det kan fort bli mykje å gjere både heime og på jobb. Då er fleksibilitet i jobben ein viktig faktor for å styre unna den berømte tidsklemma.

Mitt inntrykk er at bedriftsleiarar i fylket er veldig gode på å ta omsyn. I mitt tilfelle er arbeidsgjevar flink til å legge til rette for at det ikkje vert anten eller, men både og. Ordningar som heimekontor og fleksitid i kombinasjon med nettmøter og videokonferansar gjev meg moglegheiter for å tilpasse arbeidsdagen slik at eg får utført jobben og i tillegg kan få kvalitetstid med familien min.

Bratte fjell og djupe fjordar har kanskje gjort noko med folket i Sogn og Fjordane. Kanskje har vi vorte meir fleksible på å finne alternative løysingar. Eg har møtt fleire bedriftsleiarar som seier at «om vi fortsatt skal bu og jobbe her så må vi nytte oss av fleksible løysingar, og legge til rette for at dei som jobbar her ikkje forsvinn». Dei fleste har vore igjennom perioden med småbarn i hus sjølve, så det er forståing for prioriteringane som må gjerast.

Det er fantastisk å kunne ha ein spennande og utfordrande jobb, kort veg til storslagen natur og kunne ha flotte opplevingar i kvardagen saman med familien. I tillegg er det å ha besteforeldra i nærleiken ein stor bonus for oss, både born og vaksne. For eldstemann er det ingenting som er meir stas enn å vere med morfar å «jobbe». Det vil seie måke snø og køyre traktor til bensinstasjonen for å kjøpe is.

Stress og kolliderande kvardagar opplev eg lite av i Stryn. Eg angrar ikkje eit sekund på valet om å flytte heim og satse fulltpå karriere og familie i Sogn og Fjordane.

Alle foto: privat