Karoline er nytilsett ambassadør for Framtidsfylket

Skriven 16.09.2016 under Nyheiter

Etter eit år som trainee hos Melin Medical, er Karoline Førde Oppheim no godt i gang i eit årsvikariat i Framtidsfylket AS kor ho skal jobbe innan marknad og kommunikasjon.

Karoline kjem frå Gloppen, og hennar utdanningsbakgrunn er ein bachelor i teknologidesign og leiing frå NTNU Gjøvik med utveksling til London.

 

-Eg, som mange andre, har lenge vore skeptisk og uvetande til kva Sogn og Fjordane kan by på utanom vakker natur. Året som trainee var ein opptur med tanke på å sjå fylket med nye auge. Her er så mykje meir enn flott natur. Næringslivet i fylket er framtidsretta og variert, og det er eit hav av gode karrieremoglegheiter her. Det er utruleg mykje spennande som skjer, så no gler eg meg til å formidle det eg sjølv har erfart vidare til andre, fortel Karoline Førde Oppheim.

 

Framtidsfylket er eit lite selskap som arbeider for å profilere heile Sogn og Fjordane. Med ein liten stab med berre to tilsette, så kjem ho naturleg nok innom mange av oppgåvene som selskapet skal løyse. Karoline sine primæroppgåver vert likevel knytt til nettsidene, marknadsføring og sal.

 

Selskapet Framtidsfylket er formelt eigd av 36 bedrifter i Sogn og Fjordane, men er eit verktøy for alle verksemder i heile fylket. Framtidsfylket har ei overordna målsetjing om å marknadsføre alt av karrieremogelegheiter i Sogn og Fjordane, og mykje av arbeidet ligg i å skape samhandling og oppretthalde engasjementet frå heile fylket. Dei tre hovudaktivitetane er jobbportalen ‪framtidsfylket.no, karrieremessene i Trondheim, Oslo og Bergen, og ikkje minst styrke og vidareutvikle den 13 år gamle regionale traineeordninga til Sogn og Fjordane.

 

– Karoline er ein kunnskapsrik, nysgjerrig og positiv dame som har mykje å tilby ein liten organisasjon som Framtidsfylket. Bodskapet vårt rettar seg i hovudsak mot ei yngre målgruppe, og det at Karoline er frå fylket, har studert utanfor fylket, og no vel å søkje jobb her, gjer henne til ein god ambassadør for saka. Hennar fagbakgrunn kombinert med hennar kjennskap til traineeprogrammet er særs positiv for det arbeidet vi har framfor oss, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.