Kalenderdamene frå Nordfjord

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

I Nordfjord har 8 damer og 4 fotografar laga ein flott kalendar til inntekt for Kreftforeninga, målet er å skaffe 300.000 kroner til kreftforskning.

Foto: Øystein Torheim

No er kalenderen i salg, for kalenderåret 2012.

Mange vil før eller seinare oppleve å verte råka av kreft, enten sjølve, i nær familie eller omgangskrets. Kreftforeninga gjer ein stor innsats i høve forsking, kreftomsorg, førebygging, politisk påverknad og internasjonalt arbeid. Gjennom prosjektet ‘Kalenderdamer’ ønsker nokre tøffe damer frå Nordfjord å skaffe midlar til dette arbeidet.

Prosjekteigar Jorunn Sandvik vart sjølv råka av kreft i 2009. Hausten 2010 tok ho initiativ til å gjere ein innsats for kreftsaka, og tanken om å lage ein kalendar til inntekt for Kreftforeninga tok form. Inspirasjonen var henta frå filmen ‘Calendar Girls’ og historia om eit lokallag av The Women’s Institute i Yorkshire, som lagde sin 2000-kalender til inntekt for kreftavdelinga på det lokale sjukehuset. Dei var vaksne damer som let seg fotografere nakne,dei hadde knallsuksess og det kom inn mykje pengar til drift av sjukehuset.

Kalenderdamene i Norfjord ønsker at kalenderen skal syne både svakheiter og styrker ved mennesket. Den som vert råka av kreft vert både sårbar og sterk samstundes – det er dette dei vil formidle. Hausten 2010 starta dei prosjektet med fotografering. Kalenderen legg vekt på å syne heilt vanlege kroppar, spegle damer i ulike aldrar, og naturen gjennom årstidene.

Du kan følgje damene på Facebook; Kalenderdamer 2012

Utsalgsstadar i det ganske land (inkl. via nett)

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.