Monenynorskavissenter 768x512

Journalistopplæring på rekordtid

Skriven 28.09.2017 under Nyheiter, Ukategorisert

Har du ei journalistspire i magen? På seks månader kan du lære det journalistiske handverket i Nynorsk avissenter.

Søknadsfrist er 15.oktober 2017.

Nynorsk Avissenter søkjer etter fem nye nynorskpraktikantar, med kursstart i Førde 3. januar 2018. Løn under heile opplæringa.

– Vi ønskjer søkjarar frå heile landet som har lyst å skrive nynorsk, og vi tek inn praktikantar med ulik utdanning og erfaring, seier Ivar Myklebust Longvastøl, dagleg leiar for Stiftinga Nynorsk avissenter.

Praksis i to redaksjonar

Praktikantane startar med praksis i Firda Media i Førde, landets største dagsavis på nynorsk. Her vert dei rettleia av kvar sin mentor og andre erfarne journalistar. I tillegg får dei fagleg påfyll frå dyktige forelesarar frå Amedia, andre aviser, NRK og høgskular.

Etter fire månader i Firda, ventar to månader praksis i ein annan redaksjon. Aktuelle aviser er Klassekampen, Dag og Tid, Bergens Tidende, Sunnmørsposten, eller lokalavisa der praktikanten kjem frå.

60 prosent er journalistar

– Vi reklamerer med at vi har Noregs mest effektive opplæring i moderne avisjournalistikk, med stor vekt på digital kompetanse, seier Ivar Myklebust Longvastøl, dagleg leiar for Stiftinga Nynorsk avissenter.

37 praktikantar har til no gjennomført opplæringa i Førde. Trass krevjande tider i mediebransjen, arbeider nesten 60 prosent av dei på heil- eller deltid som journalistar. Resten jobbar med språk og kommunikasjon i andre stillingar, og nokre tek vidare utdanning, seier Longvastøl.

Lynkarriere

– Målet vårt er å gje unge og engasjerte nynorskbrukarar ein innfallsport til ei lynkarriere som journalist. Dyktige journalistar som brukar nynorsk vil styrke nynorsk som eit moderne bruksspråk. Det er dessutan positivt at folk med ei anna utdanning i botn, går inn i yrket, meiner Longvastøl.

Opplæringa er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media.

Ønskjer du meir informasjon, kontakt Ivar Myklebust Longvastøl.

Les meir om stillingane og gå inn på heimesida til Nynorsk avvissenter for å søkje.

Søknadsfrist 15. oktober 2017