Jon Olav Aurdal

Skriven 26.09.2017 under Trainee

Utdanning

Eg er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøgskule med M.Sc innan økonomisk styring og finansiell økonomi. Før det tok eg ein grad som film og TV produsent ved Noroff instituttet i Bergen og eit årsstudium innan leiing ved NTNU Ålesund.

Traineestilling

Eg er tilsett som forretningsutviklar hos Sødermann Rådgivning AS i Nordfjordeid. Her jobbar eg strategisk utvikling av verksemda både opp mot eksisterande produkt og marknad og med nye produkt og nye geografiske område.

Difor søkte eg traineestillinga

 

Eg søkte denne stillinga fordi det var eit svært ungt selskap der eg kunne være med å forme utviklinga. I stillinga får eg grundig opplæring innan kommunal tenesteyting, men får og være med i eit stort spekter av utviklingsarbeid frå tradisjonell rådgiving til utvikling av digitale hjelpemiddel som hjelper kommunar auke handlingsrommet.

Grunnen til at valet fall på Sødermann Rådgivning var tverrfaglegheita i verksemda, haldninga til gründer og dagleg leiar og det ambisjonsnivået verksemda har. Her ville få brukt breidda i mi utdanning, i tillegg til kunnskap som ikkje er ein del av mi utdanning.

Det å få mogelegheita til å jobbe med fleire forskjellige oppgåver og delar av eit så ambisiøst oppstartsselskap, i tillegg til å få utveksle erfaringar med resten av deltakarane i trainee-programmet, ein stor motivasjon for å vere trainee i Framtidsfylket. Eg får og mogelegheita til å forme arbeidslivet utanfor dei store byane, og det er aldri feil.