Imponert over årets traineesøkjarar

Skriven 26.03.2015 under Nyheiter

- Eg er glad at det ikkje er eg som skal inn på arbeidsmarknaden i dag. Eg var med på tre traineeintervju, og eg kunne tilsett alle tre, seier Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring.

Traineekullet 2015/2016 er no klart, og i august startar 17 spente traineear sitt arbeidsår i Sogn og Fjordane. 19 verksemder søkte etter trainee, og 550 søknader kom inn til dei 24 stillingane. Fylkeskommunen søkte etter heile tre traineear innan økonomi, næringsutvikling og IKT. Heggheim var med å tilsette traineen til næringsavdelinga. Han er svært imponert over kvaliteten på årets søkjarar.

– Det var eit utruleg høgt nivå på årets kandidatar. Alle hadde brei bakgrunn, god utdanning, høg allmennkunnskap og var veldig flinke til å presentere seg sjølv. Eg gjorde mitt beste for å vippe dei av pinnen under intervjua, men dei hadde tenkt på alt, seier Heggheim.

13 til intervju

– Det var eit veldig høgt nivå. Vi hadde 30 søkarar, der berre to av dei var frå fylket. Vi tok inn heile 13 kandidatar i første runde til speed date og case presentasjon, slik at vi fekk eit reelt inntrykk av kvar og ein av dei. Seks gjekk vidare til runde to, og to har fått tilbud om å vere trainee hos oss. Så det har vore ein spennande prosess, seier Hestenes.

Ordninga viktig for fylket

– Traineeane er svært viktige for Sogn og Fjordane. Vi har nytta oss av ordninga i ei årrekkje, og seks av våre tidlegare traineear jobbar i dag hos oss eller hos Fylkesmannen. Ettersom ordninga er blitt så kjend i Norge, er det ein unik mulegheit til å tiltrekkje seg folk som i utgangspunktet ikkje har vurdert ei karriere i Sogn og Fjordane. Desse hadde nok aldri komt til fylket – om det ikkje hadde vore for traineeordninga, seier Heggheim.

Seks av dei 19 verksemdene fann ikkje sin kandidat.

– Det er alltid nokre verksemder som ikkje finn den dei er på jakt etter, og slik var det også i år. Nokre kandidatar fekk tilbod, men hadde allereie takka ja til jobbar andre stader. Andre måtte trekkje stillingane grunna endringar i marknaden. Alt i alt er vi svært nøgde med årets søkjarrunde, og vi gledar oss til å ta fatt på eit nytt traineeår i august, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.