Guro Bryn Høgheim (30) er ny dagleg leiar i Mediebruket

Skriven 2018-10-31 under Nyheiter

– Tilbodet om leiarjobb kom tidlegare enn eg hadde trudd, seier vossingen Guro Bryn Høgheim.

Etter fem år i Mediebruket går ho frå å vere konsulent til stillinga som konstituert dagleg leiar. Guro tek over etter Arild Nybø som er i permisjon.

 – Det er eit stort ansvar som eg er takknemleg for å ha fått. Eg har tenkt at eg ein gong har lyst på ei leiarstilling, men eg trudde ikkje sjansen skulle komme så fort. No gler eg meg til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver saman med ein rå gjeng.

Fjernt å flytte til Sogn og Fjordane

Då sambuaren, som er frå Åsane, fekk studieplass i Førde, måtte Guro starte jobbjakta i Sogn og Fjordane. På den tida budde dei i Bergen, og Guro hadde jobb som forretningsutviklar i eit marknadsføringsbyrå.

– Eg kjente ikkje til jobbmarknaden i Sogn og Fjordane, men då eg begynte å undersøke oppdaga eg mange spennande bedrifter. I utgangspunktet var det litt fjernt å søke seg til Sogn og Fjordane, for eg hadde ein god jobb i Bergen og treivst der, men eg vart positivt overraska då eg såg kva jobbmoglegheiter som var her.

Ho sendte fleire opne søknader til relevante bedrifter, blant anna til Mediebruket, som driv med webutvikling.

– Dei tok kontakt og ønska ein prat, og etter kvart kom det eit spennande jobbtilbod som eg takka ja til.

Ante ikkje kva ho gjekk til

At Mediebruket var lokalisert saman med andre kommunikasjonsbedrifter, meiner ho var viktig for at ho raskt fann seg til rette.

– Eg ante ikkje kva eg gjekk til då eg flytta til Førde, og var nok litt spent på om eg ville like meg. Det at vi delte kontorlokale med andre bedrifter i eit ungt miljø, gjorde det enklare å få venner og eit nettverk her. Personleg meiner eg at næringsklynger er eit viktig bidrag for at tilflyttarar skal integrerast i lokalmiljøet, både sosialt og i jobbsamanheng.

Klisjeen om nærleik til naturen

Noko av det første ho la merke til som tilflyttar, var at logistikken var enklare i småbyen.

– Kvardagen er så mykje enklare her enn i ein større by. Å komme seg frå A til B er sytelaust, og du rekk mykje på ein dag. Men du bør ha bil i Sogn og Fjordane, legg ho til og ler.

Klisjeen om nærleik til naturen har blitt ein realitet.

– Det er jo sant det der med at du brukar naturen meir. Den er så tilgjengeleg at vi lett kan ta ei natt i telt ein torsdag, eller grille i skogen med venner etter jobb. Vi har hund og synest det er heilt topp at turmoglegheitene er rett utanfor døra.

Takknemleg for tilliten

Når ho no tek til i jobben som dagleg leiar, er ho takknemleg for at ho fekk tilliten så tidleg.

– Begge foreldra mine har leiarjobbar, og eg har alltid tenkt at det er ei stilling eg kunne tenkt meg. Eg trivst med å ha ansvar og å leie prosessar. Det hender at eg er bekymra for om eg har nok erfaring til å takle jobben, som å rapportere til styret og å ta viktige avgjerder, men med gode medarbeidarar trur eg det skal gå fint.

Ingen syr puter under armane dine

Ho er klar på at ho neppe hadde fått same sjansen så tidleg i Bergen.

– Når du jobbar i Sogn og Fjordane, har du sjeldan eit stort team i ryggen. Her er det mindre bedrifter og færre stillingstitlar – på godt og vondt. I praksis betyr det at du må innom fleire arbeidsoppgåver og kunnskapsfelt, og at du tidleg får større ansvar, men også at kompetansen ikkje blir like spissa. Om du ønsker å klarte karrierestigen, trur eg likevel det er enklare å gjere det her enn i større byar, seier ho.

– Og så synest eg vi er flinke til å ta i bruk kompetansen som er rundt oss, og at små bedrifter jobbar tett saman slik at ein kan tilby eit tilstrekkeleg tilbod. Som då vi drog i land ein stor avtale med Forsvarsbygg i samarbeid med blant anna Intin.

Ho fekk sjølv fort ansvar og store oppgåver i Mediebruket.

– Her var det ingen som sydde puter under armane mine, ler ho.

– Og det er eg glad for. Det har rusta meg for tøffe tak i jobben som dagleg leiar.

 

Sjå ledige stillingar i Sogn og Fjordane