Gro Rukan er ny dagleg leiar i Framtidsfylket

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Gro Rukan frå Eikefjord er tilsett som ny dagleg leiar i Framtidsfylket AS. Ho har i ein periode vore konstituert, men tek no over i fast stilling.

— Eg er utruleg glad for å få lov å leie selskapet vidare. Framtidsfylket er eit hjartebarn for meg, seier Rukan, som sjølv er innflyttar til Sogn og Fjordane.

Gro tek over etter tidlegare dagleg leiar, Anne van Oorschot, som ved årsskiftet gjekk over i ny jobb. Gro har i perioden som konstituert dagleg leiar delteke i strategiprosess for selskapet og planlegginga av karrieremessene i Bergen 13. februar og Oslo 6. mai. Mykje av hennar innsats har vore retta mot storsatsinga til Framtidsfylket denne våren som er ein folkefest i Oslo. Framtidsfylket arrangerer ein storstilt profileringsfest av og for Sogn og Fjordane på Youngstorget 5. mai.

— Det er ein kompetent dagleg leiar vi får på plass, seier ein nøgd styreleiar Janne Marie Solheimslid. Gro Rukan er utdanna biolog og har bakgrunn frå oppdrettsnæringa. Ho var også med å starte dei første rekrutteringsmessene under merkevarenamnet Framtidsfylket. I ein kortare periode dreiv ho også eiga verksemd: «Nærleiken – Kaffibar, sjelevarmar og slipsmuseum».

— Vi gleder oss til å samarbeide med Gro. Ho har eit både eit stort engasjement for Sogn og Fjordane og har tydelege felles verdiar med selskapet. Gro er ei dame som har dokumentert si gjennomføringsevne, er god på samspel og har eit godt nettverk i fylket, seier Janne Marie Solheimslid.

Framtidsfylket AS er eit selskap som har hatt ei god og spennande utvikling. Det blei etablert i 2008 og selskapet si overordna målsetjing er rekruttering av arbeidskraft til Sogn og Fjordane ved å vere ei synleg merkevare for karrieremoglegheitene i både offentleg og privat sektor her i fylket. Dei tre hovudaktivitetane er Karrieremessene, jobbportalen framtidsfylket.no og traineeordninga i Sogn og Fjordane.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.