Fylkeskommunen – midt i blinken for ein statsvitar

Skriven 23.10.2009 under Karriereprat

I skrivande stund har eg vore trainee i Sogn og Fjordane fylkeskommune i litt over fem veker. Litt rart i grunn – på ein måte føler eg at eg har vore her veldig lenge, men når ein ser etter på kalenderen, så er det i grunn berre litt over ein skarve månad.

Først litt om meg sjølv; 31 år gammal statsvitar opprinneleg frå Kleive utanfor Molde. Eg har budd omtrent ti år i Oslo og har i grunn hatt som mål å kome heim igjen. No havna eg noko lenger ned på kartet enn eg hadde tenkt, men eg kom meg i alle fall over fjellet. Eg har nett gifta meg og har mann og katt og nokre kyr på Sandane i Gloppen.

Eg har arbeidd nokre år etter at eg var ferdig å studere i Oslo og spekulerte ei god stund på kva slags arbeid eg skulle få meg på Vestlandet. Eg oppdaga at det nødvendigvis ikkje var so lett som eg tenkte, men snubla over Framtidsfylket i jakt etter passande jobbannonsar på nettet. Rota meg også på ei messe i Oslo på eit tidspunkt kor Framtidsfylket presenterte seg og traineeordninga og her sit eg no.

For ein statsvitar som har spesialisert seg på offentlig forvaltning og administrasjon, var ein arbeidsplass som fylkeskommunen midt i blinken. I tillegg har eg arbeidd noko med næringspolitikk og næringsutvikling i tidlegare jobb og det å bli plassert på regionalavdelinga i fylkeskommunen, passar meg utmerkt.

Ved nærmare ettertanke er nok grunnen til at det føles som om eg har vore her i lang tid, at eg har fått stor høve til å vere med på ei rekkje med arbeidsoppgåver og arbeidsområde. Særleg spannande er det å få vere med og følgje arbeidet som fylkeskommunen gjer i mot omstillingskommunane i fylket. Det er ingen tvil om at fleire kommunar har store utfordringar i høve til å skape nye arbeidsplassar, auke folketalet og skape dei gode buforholda som gjer at folk kjem flyttande.

Vi er to traineear på avdelinga her og den andre, Bente Sønsthagen, starta i jobben ei lita stund før meg. Dette gjer at usikkerheita kan delast og at vi i lag har mykji av dei same spørsmåla og utfordringane i kvardagen. Det er godt å vere to, samstundes som vi og har litt forskjellige arbeidsoppgåver.

Frå å ha brukt fly på jobb (med vekependling til Oslo) er det ei glede å kunne sette seg i bilen og køyre til jobb. Eg vekependlar til Leikanger frå Sandane, men fram til no har dette i grunn berre vore kjekt. Med piggdekk, kaffi, eit godt utval med cd-ar og tunnelar, går det i grunn som ein leik.

Regionalavdelinga har eit arbeidsfelt som spenner vidt frå samferdsel, til planlegging og til næringsutvikling. Det er første gongen fylkeskommunen har traineear og vegen blir litt til mens ein går. Vi har i alle fall begge blitt møtt med stor entusiasme, blide fjes og stor velvilje til å svare på smått og stort. Dette gjer at tranieeperioden, særleg kan hende den litt vanskelege og usikre starten, vert mykji lettare.

Eg ser stort fram til resten av året som trainee – og så håpar eg sjølvsagt at dette gjer meg mykji betre rusta på arbeidsmarknaden i framtida!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.