Frank 768x512

Frank Tore Tveit

Skriven 21.09.2017 under Trainee

Utdanning

Har ein bachelor i idrett, fysisk aktivitet og helse, frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (No Høgskulen på Vestlandet). Har og teke årsstudiet «fysisk aktivitet for funksjonshemma», og årsstudiet «Praktisk-pedagogisk utdanning» begge frå Norges Idrettshøgskule.

Traineestilling

Trainee på Nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. I løpet av året som trainee skal eg jobbe med mykje forskjellig. Eg kjem til å jobbe mest med sakshandsaming av spelemiddelsøknadar og med prosessen rundt rullering av handlingsprogram for regional plan for fysisk aktivitet. Eg skal også bidra innanfor fagområda folkehelsearbeid, ungdomsdemokrati og ulike fylkeskommunale råd. I tillegg skal eg vere med å planlegge og arrangere ein kulturfestival for personar med utviklingshemmingar i fylket.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte på denne trainee-stillinga fordi stillinga høyrdes svært spennandes ut, fordi eg hadde lyst å flytte tilbake til fylket, og fordi eg hadde hørt mykje bra om trainee-ordninga til framtidsfylket. Sjølve trainee-stillinga gjev mogelegheit til å bli betre kjend med fleire aspekt av dei fagområda eg er utdanna innanfor, og ein mogelegheit til å møte nye problemstillingar og fagfelt der eg kan ta til meg endå meir kunnskap. Tidlegare har eg jobba med fysisk aktivitet og helsearbeid meir direkte med ulike brukargrupper, medan eg i denne stillinga får ta del i politiske prosessar, administrative prosessar og diverse planleggingsarbeid. I tillegg er det ein fin mogelegheit til å bli betre kjend med kva fylkeskommunen jobbar med og kva som skjer elles rundt om i fylket.