Cm9568florobodoglimt 768x512

Karriereprat: Finansrådgjevar & fotballproff

Skriven 29.08.2017 under Ukategorisert

Som liten gut hadde Simen Reksten Solheim (28) ein draum om å spele i Tippeligaen med Florø. I dag er han nærare draumen enn nokonsinne – parallelt med jobben som finansrådgjevar i Sparebanken Vest.

Etter vidaregåande var eg, som mange andre, usikker på kva eg skulle bli. Eg hadde sansen både for IT og økonomi, og enda opp på BI og studiet ”Økonomi og IT-ledelse.” Heldigvis kom eg inn og fekk tre artige og lærerike år i Bergen.

I 2010 fekk eg sommarjobb i Statoil. Då hadde eg ingen langsiktig plan på kva eg ville gjere. Sommaren skulle eg bruke i Florø, spele fotball med bestekompisen min André Frøyen Reksten, medan eg søkte på jobbar i Bergen, og for så vidt resten av Norge. Eg var derimot så heldig eg stortreivst i jobben som logistikkonsulent på basen, og då eg fekk tilbod om vidare arbeid, var det eit lett val å ta.

Fotball har alltid vore min store lidenskap. Plutseleg begynte også den å gå veldig bra, og klubben hadde store planar for vidare utvikling. Dette skapte ei tru i spelargruppa på at her skulle vi få til noko. Draumen var Tippeligaen – ein draum som lever i beste velgåande. Berre at no er den enno nærare.

Samtidig som fotballen hadde stigande kurve, var jobben på basen kjempeinteressant med spennande arbeidsoppgåver og ein hektisk kvardag. Det er ekstremt mange dyktige folk i dei ulike bedriftene på basen, og især innan rørhandtering, som eg jobba mest med.

Livet tek likevel ulike vendingar, og plutseleg sat eg med eit jobbtilbod frå Sparebanken Vest som finansrådgjevar. Sjølv om eg like meg godt på basen, var eg klar for nye utfordringar. Eg ønskte å satse aktivt på fotball, og dette kunne lett kombinerast med jobben i banken. Eg fekk eigentleg i pose og sekk og litt tid. Eg ville gjerne vere i Florø, halde fram med fotballen og utvikle meg karrieremessig. Å jobbe i bank var ein draumejobb.

Då eg var liten, pleide eg å vere med mor mi i banken og fekk sjå kor mykje pengar dei hadde i hvelvet. Då tenkte eg, ”så mykje pengar vil eg også ha eingong.” No har vi ikkje hvelv i bankane lenger, då alt skal digitaliserast. Med det er framleis hit folk kjem når store investeringar skal gjerast. Bankjobben har vist seg å vere hektisk og krevande, der ein må ha mykje kunnskap for å gjere alt etter boka. Men det er ein fantastisk følelse å kunne hjelpe folk – å vere med når dei skal kjøpe sin første bustad, eller andre store hendingar i livet. Det er verkeleg gjevande

Fotballen har blitt meir hektisk dette året med spel i OBOS-ligaen, der ein går fra amatør til ”proff.” Det vert stilt større krav til prestasjonar og tidsbruk. Heldigvis har eg ein svært medgjerleg sjef, som legg til rette slik at eg kan kombinere begge jobbane. Det hadde aldri gått utan den fleksibiliteten.

Eg har vore så heldig at eg har fått jobba i to store bedrifter i Florø, og eg har erfart at det er så mange mulegheiter, dersom ein vil jobbe for det. Fridom under eige ansvar er eit undervurdert privilegium, men ein må gjere seg fortent til det. Eg stortrivast med kombilivet mitt i Florø.