Finalist 5: Seaweed på Bulandet

Skriven 19.10.2017 under Årets Gründer

Seaweed dyrkar og produserer økologiske tareprodukt på Værlandet Bulandet, og har på få år skaffa seg kundar i heile Europa. No står dei som ein av fem finalistar til å bli Årets Gründer 2017 i Sogn og Fjordane.

Ideen til drifta var det tidlegare fiskar Daniel Fedøy og Audun Oddekalv som fekk for fire år sidan.

– Vi såg at tare og algar til den norske marknaden i stor grad blei importert frå utlandet. Med den tilgangen vi har på råmaterialet her til lands, så tenkte vi at det måtte vere grunnlag for å produsere tare og algar i Norge, seier Fedøy, som no er dagleg leiar i selskapet.

Størst kundemasse utanfor Norge

Og det fekk han rett i. Plasseringa ytst i Sognefjorden med nærleik til Nordsjøen sikrar optimale forhold for tareproduksjonen. Og med ein auka etterspørsel på denne ingrediensen, både til sushi, i salat og som smaksforsterkar, leverer Seaweed no tare og algar til heile Europa.

– Vi har blant anna eit samarbeid med ei bedrift i Danmark som foredlar og sender produktet vidare ut i Europa. Danmark er langt framme når det kjem til tare, trass i at dei ikkje har noko moglegheit til å dyrke dette sjølv, forklarer Fedøy.

– Vi var først i Norden til å få økologisk godkjenning på produktet vårt. Ei slik godkjenning er heilt avgjerande når vi skal kome oss inn på den europeiske marknaden, deriblant Tyskland, så det var veldig positivt for oss, seier Fedøy.

Per no har dei flest kundar utanfor Norge. Men Fedøy forklarer at dei er klare for bygge seg opp i den norske marknaden også.

– Det har vore ein lang veg å gå med godkjenning og matsikkerheit. Men no er vi klare, og vil etter kvart bygge oss opp meir i Norge. Vi leverer blant anna til Arne Brimi, og når fleire får auga opp for denne næringskjelda, og vil Norge bli ein ny og viktig marknad for oss, seier han.

Berekraftig produksjon

Tare er ein kjent ingrediens i blant anna i sushi, men vert ein stadig vanlegare ingrediens hos fleire og fleire restaurantar og kjøkken, og kan brukast både til pesto og som smaksforsterkar. Eller etast reint.

– Dette er ei ny næringskjelde, og når folketalet på kloden veks er det klart at vi må finne andre måtar å dekke matbehovet på, og utnytte ressursane betre. Her er algar og tare midt i blinken. Timinga vår inn mot det grøne skiftet har vore god, og eg trur heilt klart at dette er noko som er kome for å bli, seier Fedøy.

Han trekk også fram fordelane ved at produksjonen er berekraftig.

– Algane og taren veks av sjølv, dei treng ikkje noko mating og har heller ingen avfallsstoff, derfor er avtrykket av denne produksjonen ikkje merkbar, forklarer Fedøy. Planen framover er å skalere opp drifta med meir dyrking i sjø og levere stabilt året rundt.

– Tare er i utgangspunktet ei sesongvare, men folk vil ha dette på bordet heile året, så då må vi jobbe for å levere på det, seier Fedøy.

 

Stem på din favoritt

 

Tilbake til oversikta over finalistane 2017

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.