Finalist 4: Sødermann Rådgiving på Eid

Skriven 19.10.2017 under Årets Gründer

Sødermann Rådgiving er eit datadrive analyse- og rådgjevingsselskap som ønskjer å utfordre rådande tankesett i kommunal sektor. Annleisrådgjevarane på Nordfjordeid er no plukka ut som finalist i Årets Gründer 2017 i Sogn og Fjordane.

Sødermann Rådgiving blei etablert i 2013 av Petter Sødermann i kjølvatnet av eit omstillingsprosjekt i Eid kommune der Sødermann jobba som avdelingsleiar.

– Eg ønskte å finne nye løysingar på utfordringar eg hadde som avdelingsleiar, og eg såg fort at andre kommunar også kunne ha nytte den nye metodikken, seier Sødermann.

Ideen går ut på ein «nedanfrå-og- opp»-metodikk som gjer om på tenkemåten i offentleg sektor, mellom anna gjennom kreativ bruk av «big data».

Jobbar tverrfagleg

– Visjonen vår er å skape varige verdiar i lokalsamfunn, gjennom å utfordre og endre rådande tankesett. Den bygger på at vi har ein heilskapleg forståing av kommunen som en sentral aktør og leverandør i lokalsamfunnet. Vi jobbar tverrfagleg mot kommunal sektor, med fokus på å levere verdi i form av målbare, konkrete resultat for kommunen, seier Sødermann.

– Vi jobbar alltid i grensesnittet mellom økonomiske, faglege og organisatoriske perspektiv – ikkje berre eitt av dei åleine. Vi opplever at kundane har sansen for ei slik vinkling, fordi det ofte byr dei på heilt nye måtar å sjå «vedtatte sannheter» på. Vi likar også å utfordre dei som jobbar lengst ute i organisasjonen gjennom prosjekta våre, ikkje berre dei ulike leiarnivåa. Her får vi tilbakemeldingar på at vi skil oss ut, fortel Sødermann.

Aukar tal tilsette

Annleisrådgjevarane på Eid har dei siste to år vakse frå tre til nitten tilsette, og har kundar frå Troms i nord til Agder i sør.

– Veksten har vi klart utan ekstern finansiering av verksemda. I gjennomsnitt har våre tilsette fire års studie etter vidaregåande. Kompetansen vår spenner vidt – frå samfunnsfag, (kommune)økonomi, politikk og leiing, til helse, software utvikling, bigdata og AI. Det å rekruttere innan så mange fagfelt med så stor djupne i kompetansen, har stilt store krav til oss. Parallelt har vi også drive ei sunn bedrift som hittil har tredobla omsetninga årleg, seier Sødermann.

Bedrifta har også ambisjonar om å få kundar i dei andre nordiske landa.

– Vi er så heldige at kundane våre er dei beste ambassadørane våre. Vi får meirsal gjennom dei kundane vi har i dag. Samtidig er vi så heldige at kommunal sektor er bemanna med nokre av de skarpaste hovuda i Norge. Då er det lett for oss å utvikle oss, og ikkje minst få nye idear som kan gjerast om til produkt, fortel Sødermann.

 

Stem på din favoritt

 

Tilbake til oversikta over finalistane 2017

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.