Finalist 3: Sogn Aqua AS i Høyanger

Skriven 19.10.2017 under Årets Gründer

Sogn Aqua AS har spesialisert seg på landbasert oppdrett av kveite i Høyanger. No kjempar dei om å bli Årets Gründer 2017 i Sogn og Fjordane.

I 2006 fekk Jan Brekke og Ole-Kristian Hess-Erga ein idé: å starte oppdrett av kveite på land ved bruk av kaldt djupvatn frå Sognefjorden. Fleire var skeptiske, men Brekke og hans kollegaer meinte ideen var verdt å prøve ut. Innovasjon Norge var einige, og gav dei midlar til å bygge eit småskala-anlegg som såg dagens lys i 2008. Ti år seinare er teknologien patentert, og Sogn Aqua leverer kveite både i Norge og til utlandet, og er i ferd med å bli ei kjent merkevare frå Sognefjorden.

Optimale forhold for kveita

– At vi bruker vatn frå 100 meters djupne i Sognefjorden, er heilt unikt. Kveita likar det stabilt kaldt og mørkt, og treng forhold der ho kan ligge og sove. Ute i vanlege merdar vil temperaturen svinge mykje meir og lysforholda vil endre seg, mens vi på eit landbasert anlegg kan halde dette stabilt året rundt, forklarer Brekke som i dag er dagleg leiar i selskapet.

Han fortel at anlegget på land er bygd lågt i terrenget av tre, stein og resirkulerbar plast.

– Det er viktig for oss å bygge berekraftig med tanke på framtida, og vi ønskjer å sette så lite fotavtrykk som mogleg. Vi ureinar veldig lite i denne produksjonen, vatnet er reint og materiala er miljøvennlege, seier Brekke.

Langvarige arbeidsplassar

Jan Brekke har jobba med oppdrett av fisk sidan 80-talet, medan Hess-Egra har doktorgrad i vannbehandling. Dermed hadde dei både praktisk og teoretisk kompetanse på plass.

– Dei vi har med oss på laget i dag har høg kompetanse på sitt fagfelt, og vi er sikre på at dette vil gi fleire og langvarige arbeidsplassar framover. Vi skal byggje fleire anlegg når det kjem til matfisk, seier Brekke.

Han forklarer at dette er eit Sogn og Fjordane-prosjekt med forskjellege lokalitetar langs Sognefjorden. Bedrifta har opp gjennom åra samarbeida både med lokale og norske forskingsmiljø. No jobbar dei for å få ut konseptet og marknadsføre seg.

– Vi har investorar både i Norge og utland som ønskjer å vere med på dette. Dei ser det miljøvennlege med dette, og viser stor interesse for måten fisken blir behandla på, seier han.

Mobilt fiskeslakteri

I tillegg til oppdrett av kveite, har dei òg utvikla eit eige mobilt slakteri kor fisken går rett frå kaldvatnet over på is, noko som har gitt svært høg kvalitet og opnar for at 80 % av fisken går til ein betalingsvillig sushimarknad.

– Vi bygde om ein kjølehengar til eit slakteri. Fordelen ved at vi får fisken så kjapt på is, er at vi slepp å transportere levande fisk og kan begynne prosessen på lokaliteten. Det gjer at vi får høg kvalitet på fisken og ein enklare transport, seier Brekke.

Gå til avstemming

Tilbake til oversikta over finalistane 2017

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.