Finalist 2: HydroWave i Måløy

Skriven 19.10.2017 under Årets Gründer

HydroWave leverer grønn energi til skip ved hjelp av eit bølgjekraftverk som monterast på skipssida. No er bedrifta frå Lutelandet/Måløy ein av fem finalistar som kjempar om å bli Årets Gründer 2017 i Sogn og Fjordane.

Selskapet har bakgrunn i Havkraft AS som sidan 2009 har testa og utvikla 27 patent knytt til bølgjekraftverk som skal kunne monterast på ei skipsside, og levere inntil 100 % av skipet sitt straumbehov. Hydrowave vart etablert i 2015, og er selskapet som skal ta seg av den kommersielle biten og levere dei komplette systema ut til kundane.

Geir Arne Solheim er dagleg leiar for begge selskapa og gler seg over å vere finalist i Årets Gründer 2017.

Endeleg er tida moden

– Dette har vi jobba med lenge. Havkraft blei grunnlagt i 2009, men eg begynte allereie i 1998 å utforske moglegheitene for å utnytte bølgjekraft. Marknaden har ikkje vore klar for dette, så mottakinga tidlegare har vore noko lunka. Og sjølv om det har vore snakk om det grøne skiftet i fleire år, er det først no bedriftene vil ta grep og gå over på dei grøne løysingane. No er vi klare til å levere, og viser at vi med sikkerheit kan ta ut energien som er i bølgjene. Vi er godt førebudd, seier Solheim.

Kundemassen har dei jobba med langs med utviklinga av teknologien og patent.

– Vi har jobba med å finne kundar som er frampå når det gjeld å tilpasse seg endringar og ny teknologi. Og det meiner eg vi har lukkast med. No er planen å begynne å levere ut produktet og få fleire avtalar på plass, seier Solheim.

Vil ta ein internasjonal posisjon

Hydrowave fekk sin første 3-årige utviklingskontrakt med reiarlaget Uksnøy i mai i år, og ser eit stort potensiale for å levere grøn energi til både skip og andre installasjonar til havs, som til dømes oppdrettsmerdar. Bølgjekraftverka vil inngå i effektive hybridsystem.

– Poenget er ikkje at kundane skal kjøpe bølgjekraftverk, men å kunne få gjort andre oppgåver grønt gjennom grøne hybridløysingar med basis i lokal bølgjeenergi på staden. Enn så lenge har vi fokusert på dei norske kundane, men vi har hatt fleire samtalar med internasjonale aktørar som er veldig interessert i løysinga. Vi skal ut i den globale marknaden også, seier Solheim som trur produktet vil vere lett å selje inn når det første kommersielle anlegget er klart.

– Kundane ønskjer seg grøne løysingar, men veit kanskje ikkje kva dei treng for å oppnå det. Det er der vi kjem inn og presenterer bølgjekraftverket som svaret på deira behov. Mange blir overraska over kor enkelt det kan gjerast, og spør kvifor ikkje nokon har kome på dette før, forklarer Solheim.

Den nye norske energiteknologien

Ideen er enkel, altså å konvertere bølgjekraft om til energi, og det er ein tilsvarande enkel teknologi som ligg bak. Solheim ser mange moglegheiter for den norske energiteknologien.

– Danmark og Tyskland har vindmøllene, og eg trur Norge no har moglegheit til gjere vasskraft og bølgjekraft om til vårt dominerande område innan det grøne skiftet. Vi ønskjer å bidra i den nye miksen av berekraftige og fornybare løysingar, seier Solheim.

 

Stem på din favoritt

 

Tilbake til oversikta over finalistane 2017

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.