Fekk servert både tapas og draumejobb

Skriven 15.01.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

For snart fem år sidan var Silje Sunde innom Framtidsfylket Karrieremesse i Oslo for å ete tapas, sjå på foredrag og møte kjentfolk. Med utdanning innan eit smalt it-felt, var ho ikkje på jobbjakt. For slike jobbar finst jo ikkje i Sogn og Fjordane.

Både sambuaren og Sunde kjem frå Florø i Sogn og Fjordane. Med to ungar som nærma seg skulealder, begynte heimlengselen å melde seg etter 19 år vekke frå kystbyen.

Sambuaren min er utdanna lærar, så for han er det jo ingen problem å få seg jobb. Med ei utdanning innan datavarehus, som jo er eit smalt felt innan it, var det absolutt meg det stod på. Eg leitte i to år og hadde faste søk på finn.no. Det var ingen relevante jobbar som dukka opp, og eg begynte å forsone meg med at eg måtte finne på noko anna om eg skulle flytte vestover.

Gav opp håpet
Sunde er utdanna sivilingeniør og har jobba tungt teknisk i ti år. Ho var fast gjest på Framtidsfylket si karrieremesse i Oslo, men hadde gitt opp håpet på å finne draumejobben i draumefylket.

Målet med å besøke messa var ikkje å finne jobb, men å sjå foredrag og berre følge litt med på kva som finst i Sogn og Fjordane. Det er greitt å ta runden og besøke bedriftene som har rigga seg opp på stand.

«Og du då? Kva driv du med»?
Gleda var stor då ho tilfeldigvis var innom standen til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Dei spurde meg om kva eg dreiv med og virka interesserte. «Datavarehus» er eit utruleg smalt felt, så eg hadde ikkje drøymd om at ein bank faktisk var ute etter denne type kompetanse. Vi oppretta fort ein dialog. Dei sendte informasjon, eg sendte informasjon. Så blei eg kalla inn på intervju i Førde. Deretter gjekk det fort.

Ein ekte vestlending
Berre fire månadar etter messa reiste familien med flyttelasset sitt frå Oslo til Florø.
Det var fulltreffar for både mi og banken si side. Ein skikkeleg suksess. Men jammen gjekk det fort. Eg begynte i jobben i september. Då var eg faktisk fire månader gravid med tredjemann, som blei fødd i Førde. Endeleg fekk vi ein ekte vestlending.

Sjokkerande kult i banken
Sunde jobba to år med datavarehus før ho blei tildelt meir ansvar i banken. No sit ho i leiargruppa i banken med ansvar for forretningsstøtte, og stortrivast med det.
Det er den mest spennande jobben eg har hatt i heile mitt liv. Sjølv har eg vert kunde her sidan eg var barn, men har aldri visst om kor mange kompetansearbeidsplassar det faktisk er her. Og ikkje minst kor langt framme dei er på teknologi. Eg vart positivt overraska då eg kom i prat med dei på karrieremessa. Ein må ikkje vere forutinntatt på kva ein trur er match.

Sparebanken Sogn og Fjordane har eit stort teknologimiljø. Silje Sunde og Trond Teigene er einige om at dette er viktig å fortelle til folk, spesielt med tanke på rekruttering.

Viktig arena for banken
I løpet av dei tre siste åra har Sparebanken Sogn og Fjordane tilsett heile 80 nye personar. Kvart einaste år deltek dei på Framtidsfylket sine karrieremesser.
For oss er det heilt naturleg å delta på arenaer som legger til rette for at vi kan møte gode kandidatar, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Må på blokka til folk
Vidare seier han at det er viktig for dei å vere med, uavhengig om dei skal tilsette folk der og då.
Rekruttering er langsiktig arbeid. Vi må på blokka til folk, og gje dei kunnskap om kva vi driver med. Sparebanken Sogn og Fjordane er organisasjon med mangfaldig kompetansebehov og har blant anna eit teknologimiljø på over 50 personar. Det må vi vere flinke til å fortelle, for det er mange som ikkje veit kva moglegheiter vi kan tilby.

Dei gode historiene
Sparebanken jobbar målretta gjennom mange kanalar for å få ut kunnskap om kva bedrifta representerer. Pris for likestilling, hovudsponsor for Malakoff-festivalen og Utkant-festivalen, gåvedryss til idrettslag, arrangement og aktivitetar, er historier ein kan lese om i banken sine kanalar.
Det er viktig å vise kva vi som bedrift faktisk representerer. Ein kan ikkje hive seg rundt den dagen ein har behov. No skal «alle» ha tak i personar med teknologiutdanning. Dei kan med andre ord jobbe velje og vrake i jobbtilbod. Derfor må vi på førehand fortelle dei gode historiene om folka og verdiane i vårt selskap, slik at vi er attraktive for dei beste hovuda.

Uredde, nysgjerrige og sjølvgåande
Gjennom jobben har han møtt ei rekke flinke folk, og Teigene seier at han blir fasinert av nye personar som kjem inn i ei bedrift og verkeleg tar tak i ting.
Dei som er uredde, nysgjerrige og sjølvgåande. Dei som ikkje er redde for å prøve og feile. Ofte er dei generiske eigenskapane viktigare enn utdanning. Og så er det viktig at vi som arbeidsgjevarar lar dei unge sleppe til. La dei utfordre, lære og utvikle.

Generasjon- og kompetanseskifte
Banken står, i likskap med andre bedrifter i fylket, ovanfor eit enormt generasjon- og kompetanseskifte, seier direktøren.
Det er absolutt ein av våre største utfordringar på alle nivå. Vi har den lågaste arbeidsledigheita i landet. Innan fem år går ein av fem av med pensjon i nordre del av Vestland. Det er 13.000 personar. Behovet for rekruttering er kjempestort, og då nyttar det ikkje å legge ut ei annonse og lene seg tilbake, seier han.

Viktig fokus på messa
Om under to veker er banken klare for nok ei karrieremesser i Trondheim og Bergen.
Å delta på messa er viktig for heile næringslivet i fylket, ikkje berre banken. Ofte ser ein at inntrykket folk har om næringslivet i Sogn og Fjordane, ikkje samsvarar med dei fantastiske moglegheitene som faktisk finst her. Det må vi gjere noko med.

Sparebanken har to traineestillingar innan fleire spennande fagfelt. Sjekk dei ut her!

Bli med på karrieremessa du også!
Deltakar? Sjå her for meir informasjon og påmelding!
Bedrift? Sjå her for meir informasjon og påmelding! 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.