Han har 12 ledige stillingar: – Ta del i det blå skiftet!

Skriven 18.09.2020 under Nyheiter

Evoy opplever enorm interesse for sine banebrytande, verdsleiande drivsystem for el-båtar. For å utvikle selskapet vidare ønsker dei fleire med på laget.

Innovasjonsbedrifta i Florø er rå på å framheve verdiane sine i alt dei gjer: Ekte, innovativ, bærekraftig og gøy. Og det skal vere gøy å jobbe for Evoy, men du må meine det, på ekte.

– Ja, du må brenne for ei bærekraftig utvikling. Evoy vart etablert og grunnlagt på eit bærekraftig fundament, og grunnideen er at vi skal bidra til det blå skiftet og eliminere utslepp frå båtar. Det ligg til grunn for heile selskapet, og då er det viktig at dei som er her kan kjenne seg igjen i kjerneverdiane.

Det seier Per Arne Fagervoll Meek, Chief Commercial Officer i Evoy.

Bærekraftig teamfølelse

Han er opptatt av å bygge eit godt team når dei no skal utvide staben med 12. Å integrere nytilsette er ein del av det.

– Vi er fortsatt eit relativt lite selskap som jobbar tett saman. I tillegg til å ha riktig kompetanse, ønsker vi at du kan passe inn hos oss og kjenne på teamfølelsen. Når vi tilset folk som kan kjenne seg igjen i verdiane våre, er det med på å bygge ein felles, sterk kultur i selskapet. Ein kultur dei tilsette kjenner seg heime i og trivst med.

Full fart framover

Oppstartsbedrifta opplever enorm interesse for sine heilelektriske framdriftssystem til hurtiggåande båtar. No riggar dei seg for innovativ og effektiv utvikling og produksjon.

 –  Ting går fort framover. Å jobbe i ei vekstbedrift er ikkje det same som å jobbe i eit stort konsern. Ting er ikkje sett, og du har sjansen til å påverke både arbeidskvardagen og utviklinga i selskapet. Vi er ekstremt framoverlente når det kjem til teknologi, og om du ønsker å jobbe i teknisk retta og innovativ bedrift, så trur eg du vil trivast her.

– Betyr det at dei som får jobben kan vente seg travle dagar og store arbeidsmengder?

– Det er masse som skjer her, men vi er samtidig opptatt av å vere ein arbeidsplass som ein kan leve godt med. Trivsel er ein viktig faktor, og vi har blant anna sosiale samlingar for gjengen som knyt oss saman.

Gøy, lærerikt og meiningsfullt

Evoy opplever god interesse rundt dei ledige stillingane, men ønsker seg endå fleire søkarar.

– Vi kan tilby engasjerande arbeidsoppgåver, eit samansveisa team og eit triveleg arbeidsmiljø. Vi held til i moderne lokale i Peak Florø, og har stor glede og nytte av det miljøet som er der.

På spørsmål om han kan skildre det å jobbe i Evoy med tre ord, kjem svaret raskt:

– Gøy, lærerikt og meiningsfullt, avsluttar Meek.

Meir om dei ledige stilllingane her.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.