Påmelding karrieremesse
Kmbergen24 768x512

Er du den nye leiaren i Framtidsfylket?

Skriven 15.11.2017 under Nyheiter

Vår daglege leiar søker nye utfordringar, og vi treng ein ny inspirator! Er du den vi leitar etter?

– Vi ser etter ein initiativrik relasjonsbyggar, som er levande oppteken av framtida til Sogn og Fjordane, seier styreleiar i Framtidsfylket, Leon Bakkebø.

Den nye leiaren vil mellom anna få ansvaret med å vidareutvikle merkevara Framtidsfylket, koordinere og drive Norges største regionale traineeprogram, og posisjonere selskapet i den nye fylkesstrukturen på Vestlandet.

Personen må vere ein meister i relasjonsbygging og ein god forretningsutviklar. Framfor alt ser vi etter den rette personen for selskapet, og som kan løfte det inn i ei ny og spennande framtid. Vi er eit lite team med store ambisjonar, seier Bakkebø.

Klar for nye utfordringar

Avtroppande dagleg leiar, Gro Rukan, har jobba i selskapet sidan hausten 2012. Hennar etterfølgar vil ta over eit selskap i svært positiv vekst.

– Eg har hatt mange gode år i Framtidsfylket, men no var tida komen til å prøve noko nytt. Eg er glad for å kunne overlevere eit selskap i medvind. Vi har no Norges største regionale traineeprogram, ein fersk og innhaldsrik CV-database og opplever god oppslutnad frå næringslivet i fylket. Då kjennest det trygt å gje stafettpinnen over til nokon andre. Framtidsfylket er ei levande merkevare, og det er alltid sunt med nye krefter som kan sjå selskapet med nye auge, seier Rukan.

Sjå heile stillingsannonsa her.

Framtidsfylket AS
Framtidsfylket er Sogn og Fjordane si eiga merkevare for karrieremulegheiter i fylket. Kjerneelementa i dette arbeidet er nettportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Selskapet jobbar på eit overordna nivå med marknadsføring av Sogn og Fjordane som eit attraktivt bu- og arbeidsområde.