Endre 768x512

Endre Erdal

Skriven 21.09.2017 under Trainee

Utdanning

Eg har ein bachelor i marknadsføring frå Handelshøyskolen BI. Det er ei relativt brei utdanning med alt frå økonomisk-administrative fag som økonomistyring, samfunnsøkonomi og finans til reine marknadsføringsfag som service og innovasjon, merkevarebygging og forbrukeratferd. I utdanninga valte eg ei fordjuping i Bedriftsutvikling for SMB på bakgrunn av at eg ønskte å lære ei praktisk tilnærming på korleis små bedrifter kan auke si verdiskapning.

Traineestilling

Stillinga mi hos Mediebruket er tildelt området forretningsutvikling. Målsettinga er at eg skal bli satt inn i system slik at eg kan gjere administrative oppgåver, bidra til daglige gjeremål og skape nye forretningsområde for bedrifta.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte hovedsakelig stillinga basert på interesse. Gjennom studie og deltidsarbeid har eg heile tida prøvd å tilegne meg kunnskap om kommunikasjon og web. Kombinasjonen av interesse og bakgrunnen frå fordjupning i Bedriftsutvikling for SMB passa godt til stillinga som var utlyst hos Mediebruket. Vidare er det tre ting eg ser som spesielt verdifullt med sjølve trainee-ordninga. Det første er at eg som nyutdanna, med begrensa arbeidserfaring, får moglegheit til å arbeide i ei solid bedrift som tørr å satse og bruke tid på ny arbeidskraft. Det andre er at ein bygger eit verdifullt nettverk, på tvers av bransjar, med traineesamlingar der ein kan utveksle erfaringar seg i mellom. Det siste er å bu i Sogn og Fjordane, som kanskje er den finaste plassen i heile verda.