Elkem Bremanger har signert milliardkontrakt

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Milliardkontrakten til smelteverket i Svelgen i Bremanger er kjempeviktig for heile regionen, seier verksdirektøren.

Seint fredag ettermiddag 4. desember 2009 signerte Elkem Bremanger og Mitsubishi ein seksårig avtale verd heile 1,5 milliardar kroner. Dette er den største avtalen Elkem Bremanger nokonsinne har inngått.– Salskontrakten inneber om lag 30 prosent av heile silisiumproduksjonen på Silgrain. Dette er ei stor og viktig kontrakt for oss. Det er utruleg viktig for bedrifta at vi har landa ei slik kontrakt i desse tider, seier verksdirektør Steinar Talle, til firdaposten.no.

Avtalen gjeld silgrain (silisium-pulver som inneheld meir enn 99 % silisium), som verket har produsert for fullt i heile 2009.

250 tilsette og 120 millionar i løn

I 2009 har Elkem Bremanger investert 80 millionar kroner i utviding av silisiumproduksjonen, og auka staben med fem-seks tilsette. Kring 100 personar er sysselsette i silgrain-avdelinga. Totalt er det 250 personar som arbeider på industriområdet, inkludert vedlikehald og andre støttefunksjonar.

– Aktiviteten i Svelgen er viktig for heile regionen. 250 tilsette får utbetalt kring 120 millionar kroner i løn i løpet av eit år, så dette er betyr mykje for butikkane i Florø og Førde, seier Talle. til firda.no

Han trekkjer fram arbeidet med 45 minuttsregionen, samferdsleprosjektet på kysten som skal knyte Svelgen, Måløy, Florø og Førde tettare saman.– Skal vi unngå forgubbing, treng vi ein større bu- og arbeidsmarknad, seier verftsdirektøren.

Varmepumper og bilar

Til firdaposten.no fortel Talle at Mitsubishi-kontrakten inneber at ein vil finne Svelgen-silisium i all elektronikk frå Mitsubishi, til dømes i varmepumper, sjølvsagt i tillegg til i bilane. Elkem Bremanger sin hovudkonkurrent er Kina, som er kjent for sine låge prisar.– Men vi profiterer på dyktige tilsette, og då spesielt ingeniørane og operatørane, som har den nøyaktigheiten og presisjonen som gjer at vi leverer feilfrie produkt år etter år, skryt Talle.– Vi konkurrerer med stabil og god kvalitet over tid, og det har vi fått gevinst av no, legg han til.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.