Ein prosjektorganisasjon i vekst

Skriven 28.11.2019 under Nyheiter

Akvahub er i gang med ei spennande fase kor dei må ha ein ny prosjektleiar og ein ny prosjektkoordinator.

Med kontorplass i Leirvik i Sogn, vil du bli ein del av eit triveleg miljø saman med eigarbedrifta Multivolt, samt kort veg til det praktiske ved prosjekt. Omgitt av nydeleg natur ute i Sognefjorden, er det kun fantasien som sett begrensningar for turar og andre utandørsaktivitetar. 

Bærekraft i havbruksnæringa

Prosjekta du vil jobbe med går alle under same visjon. Akvahub ønsker nemlig å vere ei drivande kraft for ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa. Med fleire prosjekt, treng dei også nokon som kan ta leiinga og bidra inn i havbruksnæringa.

Dagleg leiar i Akvahub, Asbjørn Dyrkorn Løland, meiner det er viktig at personen som kjem inn er sjølvgåande, men kan overlappe prosjekt og formidle status i prosjekt og kommunisere vidare. – Det er langsiktige stillingar, kor vi håpar på å kunne bygge opp kompetanse i Leirvik, fortel han.

Ei rekke spennande fagfelt

For å unngå forvirring rundt arbeidsområde og fag, viser Løland og Akvahub til arbeid innan sirkulær økonomi, bærekraft og verdikjeldeutvikling gjennom ein video dei har lagd som er knytta til utlysinga av stillingane. Sjå videoen under!

 

 

Er du riktig person som kan hjelpe Akvahub og bygge vidare på deira visjon om bærekraft? Ikke nøl med å søk!

For direktelink til stillinga, trykk HER!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.