Bli naturrettleiar i Oppstryn

Skriven 15.09.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Er du genuint oppteken av naturen, god til å formidle og klar til å ta fatt på spennande arbeidsoppgåver? Då bør du lese vidare.

Foto: Roy Aron Myklebust/Fjordingen.

No har Besøkssenter Jostedalsbreen nasjonalpark i Oppstryn ledig stilling som naturrettleiar.

– Jobben er spennande, men også krevjande. Vi er eit senter i omstilling og det er mange prosjekt ein må ta fatt på. Vi ser etter ein person som vil vere med på laget og bidra til at senteret vert ein attraksjon i kommunen, seier Wenche Nesje, som er dagleg leiar ved Besøkssenter Jostedalsbreen nasjonalpark i Oppstryn.

Postkort: – Dette må jo vere den perfekte staden å bu for ein som er glad i naturen, meiner Wenche Nesje.

Må brenne for faget

Personen som får stillinga må ha den grunnleggande naturfaglege kompetansen. Vedkommande må ha ei god formidlingsevne og trivast med å ha ei aktiv og synleg rolle på senteret.

– Dei personlege eigenskapane vil stå sterkt. Det må vere ein god formidlar, det er eigentleg det viktigaste. Evna til å kunne bruke kunnskapen og kompetansen sin ut i ulike prosjekt, og å kunne bruke den faglege delen i ein større samanheng. Ein som brenner for faget sitt, rett og slett.

Humor på jobb

Nesje meiner det er viktig med eit godt arbeidsmiljø og at ein må kunne ha det kjekt på jobb.

– Vedkommande skal jobbe tett med meg og då er humor viktig, seier ho og ler. I høgsesong er det svært travelt her, og då er det viktig at vi er eit godt team. Her må ein ha evne til å snu seg raskt og ta på seg dei arbeidsoppgåvene som trengst.

Flinke på kultur

Ifølge Nesje har Nordfjord mange ulike aktivitetar og opplevingar å by på.

– Her har ein naturen som næraste nabo, noko eg trur vil vere midt i blinken for ein naturrettleiar. Det er berre fantasien som setter ein stoppar for kva ein kan finne på her. Også kulturlivet er veldig bra. Vi er flinke på kultur! Her er så mange moglegheiter at eg trur alle vil trivast, uansett som ein kjem aleine eller med familie. Ein kjem ikkje til ein aude plass, her er det fullt liv, stadfestar ho.

Hjelpsam kollega

For dei som kjem utanfrå vil Nesje vere behjelpeleg med å finne ein fin plass å bu.

– Det er ikkje alltid like lett å finne tak over hovudet når ein ikkje kjenner til plassen, så her skal vi hjelpe så godt vi kan. Det bur mange trivelege folk her og vi hjelper kvarandre når det trengs.

Ho vil også dele turtips med vedkommande.

– Personen som får jobben må ha eit engasjement og interesse for naturen og friluftslivet, og der kan vi i alle fall komme med gode tips, seier ho.

Vil vise veg: Wenche Nesje tipsar meir enn gjerne om fine turar i området.

Påfyll av kunnskap

Søknadsfristen er 30. september. Nesje håpar på ein høg søkarbunke, men det aller viktigaste er å finne den riktige kandidaten.

– Vi håpar vi kan finne ein person som tilfører senteret kunnskap, og vi som eit nasjonalparksenter kan tileigne naturrettleiaren fagleg og personleg utvikling, avsluttar ho.

Søk på stillinga som naturrettleiar her.

eller sjekk ut jobbportalen vår for eit drøss av andre kjekke jobbmoglegheiter!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.