Påmelding karrieremesse
Kmbergen24 768x512

Don’t be invisible – #beasognandfjording

Skriven 19.12.2017 under Nyheiter

Juleprat frå avtroppande leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan.

Sogn og Fjordane som karrierefylke er absolutt verdt å flagge høgt! At vi folketalsmessig er få i fylket legg eg ikkje skjul på, men for dei fleste betyr det moglegheiter ein ikkje finn mange andre stader. Nyutdanna opplever ofte at her får dei ein bratt karrierestige og større ansvarsområde, noko som resulterer i ei rask fagleg utvikling. Og her er det stor variasjon i bransjar og kompetanseområde. Fylket vårt er rett og slett ei AHA-oppleving for mange.

Den teknologiske utviklinga har aldri gått så fort som no, men vil nok heller aldri gå så langsamt som no. I dag er det viktig å vere rask og fleksibel. Slik er pulsen i næringslivet, og difor er det også ein styrke å vere i eit fylke der tette nettverk fører til generøs kunnskapsdeling og raske avgjersler. Sogn og Fjordane sitt fortrinn ligg nettopp i at vi er små, handlekraftige og har kjapp gjennomføringsevne.

AWESOME Sogn og Fjordane
For å få ein smakebit av kva fylket kan tilby må du møte oss i Trondheim og Bergen på nyåret. Då inviterer vi deg på miniseminaret ”AWESOME Sogn og Fjordane”. Med oss har vi seks gode foredragshaldarar, mange spennande verksemder, og til å underhalde kjem sjølvaste Kjartan Lauritzen. Gled deg til karrieremesse i ny drakt. Eg håper mange tek turen. Messene er etablert som ein god plass for å rekruttering til bedrifter i Sogn og Fjordane anten det er snakk om sommarjobb, traineestilling eller faste jobbar. Er du enno ikkje påmeldt? Gjer det i dag! Påmelding gjer du på framtidsfylket.no.

25 traineestillingar i 2018
Framtidsfylket Trainee er no det største regionale traineeprogrammet i Norge. Det er vi mektig stolte av. Dei siste tre åra har vi årleg hatt over 1000 søknadar på stillingane. At 75 prosent av søkjarane kjem frå andre fylker enn Sogn og Fjordane gjer oss glade og optimistiske på vegne av vår region. For kullet 2018/19 lyser vi ut 25 stillingar, og eg kan gledeleg ønskje 6 nye traineebedrifter velkomne med på laget.

CV databasen
Portalen framtidsfylket.no er Sogn og Fjordane sin eigen digitale møteplass mellom arbeidsgjevarar og dei som ønskjer ein jobb i fylket. Fleire og fleire har fått auga opp for nettopp dette. Bedrifter legger ut stillingar, og CV-databasen er ein gullgruve av spennande kompetanse! Mi klare oppmoding til alle er deltaking. Bruk Framtidsfylket sine verktøy – anten du er bedrift eller privatperson.

Del gjerne gode historier frå næringslivet
Vi fråtsar i gode historier frå heile Sogn og Fjordane når vi skal plukke saker til vårt magasin #utanfilter. Utgåve nr 3 er snart klar, og den deler vi først ut på karrieremessene i 2018. Målet vårt er å begeistre, og det trur eg vi skal klare. Det er så mykje spennande vi kan fortelje! Vi håpar du likar magasinet, og at du vil hjelpe oss med å dele sakene vidare i ditt nettverk. For skal fleire få vite om Sogn og Fjordane, så må alle vere medvite si eiga rolle som formidlar. Gjekk du glipp av utgåve nr 1 og 2, så finn du den digitale versjonen på www.beasognandfjording.no.

Livet har så mykje bra å by på! Og det er berre du som veit kva som er det rette valet for akkurat deg. Årets kampanje, ”Don´t be invisible,” handlar om synlegheit. Om å skille seg ut i mengden, få ansvar, gjere ein forskjell og bli sett. Er det viktige verdiar for deg, så kan vi anbefale deg ei framtid i Sogn og Fjordane!

Leiarskifte i Framtidsfylket AS
Eg vil til sist nytte sjansen til å få takke for gode år som ambassadør for næringslivet i Sogn og Fjordane. Framtidsfylket er eit hjartebarn for meg, og eg kjem alltid til å heie på samhandling rundt arbeidet med å synleggjere moglegheiter for å gjere karriere i Sogn og Fjordane. Om nokre månader skal eg gje denne viktige stafettpinnen vidare. Følg oss på nyåret, så får du bli godt kjent med selskapet sin nye leiar.

Avslutningsvis vil eg få ønskje alle ei glederik jul, og eit godt og framgangsrikt nytt år!

Julehelsing frå Gro Rukan