Det er typisk Sogn og Fjordane å bry seg

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Siri Stavang har stor tru på at Sogn og Fjordane kan verte eit føregangsfylke på samfunnsansvar i Norge. 

Siri Stavang i NHO Sogn og Fjordane skal inspirere fleire bedrifter i Sogn og Fjordane til å ta grep om samfunnsansvar. (Foto: NHO Sogn og Fjordane)

Samfunnsansvar i næringslivet         Samfunnsansvar i næringslivet inneberer at bedrifter integrerer sosiale og miljømessige omsyn i sine daglege drift og ovanfor grupper som vert berørt verksemda.

Samfunnsansvar omfattar kva bedriftene gjer på frivillig basis ut over å overhalde eksisterande lovar og reglar i det landet ein opererer i.

Dømer på samfunnsansvarlege tiltak:

– Inkluderande arbeidsliv

– miljøtiltak

– innsats mot menneskerettar

– støtte til lokalsamfunn, arrangement, idrett

– tilby lærlingplassar

– bekjempe fattigdom – m.m.

 

Septik24 frå Stryn er blant dei i fylket som har tatt grep om samfunnsansvar for ei meir berekraftig botnlinje. Med moderne teknologi sørgjer dei for lågare transportutslepp.

Vil du jobbe i ei bedrift som bryr seg om samfunnet sitt? Ei bedrift du kan vere stolt av? Som er oppteken av å ta varepå lokalsamfunnet, som bryr seg om miljøet eller har fokus på menneskeverd?

Dei fleste vil vektlegge det, meiner Siri Stavang i NHOSogn og Fjordane. Ho leiar satsinga ”Samfunnsansvar i Sogn og Fjordane” som i tre år framover skal inspirere fleire bedrifter i fylket til å bry seg.

– Internasjonale og nasjonale undersøkingar visar at bedrifter som tek samfunnsansvar vinner i kampen om dei gode arbeidstakarane. Samfunnsansvarlege bedrifter er endå viktigare for den nye generasjonen. Dei veks opp med samfunnsdebatt om enorme miljøutfordringar, forbrukarsamfunnet, fattigdom, og formar haldningar som dei tek med seg inn i arbeidslivet. Sogn og Fjordane må møte deira forventningar. 

Den nye trendenMerksemda kring samfunnsansvar i næringslivet, ellerCorporate Social Responsibility (CSR), er sterkt aukande i både Norge og globalt. I løpet av ein tiårs periode harfenomenet bevega seg frå det heilt ukjende til ein fastfunksjon i mange selskap. I 2011 hadde 55 prosent avverksemdene i norsk næringsliv ein strategi for aktivt samfunnsansvar.

«Ei bedrift ho ville vere stolt over å jobbe i var viktigast.»– Mange bedrifter oppdagar at det å vere bevisst på samfunnsansvar kan gi ein vinn-vinn-situasjon, som leiar til fornøgde kundar, godt arbeidsmiljø og bidrar til positiv merkevarebygging og godt omdømme, seier Stavang.

I tillegg opplev dei fleste bedrifter at strategisk jobbing med samfunnsansvar bidreg til eit positivt utfall på deira økonomiske resultat.

Konkurransedyktige for framtidaTrenden er ein del av eit større bilete. Med auka velstandog eit meir globalisert næringsliv har synet på næringslivet si samfunnsrolle endra seg. Å opptre som eit ansvarleg selskap handlar ikkje berre om å følgje lovar, reglar og god forretningsetikk. Det forventast at næringslivet i større grad tek ansvar for å løyse dei viktige samfunnsutfordringane.

– Å løfte samfunnsansvar opp på dagsorden med solid forankring i leiinga og strategisk arbeid er naudsynt om ein vil vere konkurransedyktig i framtida.

– Ei nyutdanna ung kvinne frå Florø fortalde oss nyleg at ho fekk jobbtilbod frå to bedrifter frå same bransje. Ho takka ja til den bedrifta som hadde ein tydeleg profil kring sitt arbeid med samfunnsansvar, og viste sterkt engasjement kring dette arbeidet. Lønn var ikkje avgjerande. Ein arbeidsplass ho kunne identifisere seg med, ei bedrift ho ville vere stolt over å jobbe i var viktigast.

På dagsorden i Sogn og FjordaneSogn og Fjordane har møtt forventninga. Målretta arbeid for å skape fokus kring samfunnsansvar i næringslivet i fylket starta allereie i 2011. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Norge tok initiativ til å etablere eit nettverksprosjekt som involverte 25 bedrifter, der ti av desse arbeidde strategisk og målretta med samfunnsansvar.

– På grunn av nettverksprosjektet ”Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane” har vi sett eit bra engasjement hos bedrifter, i det offentlege og i organisasjonslivet i fylket. Prosjektet har bidrege til å løfte debatten og merksemda kring samfunnsansvar.

Prosjektet vart avslutta i mars i år, og Stavang si jobb er å vidareføre arbeidet. Målet er å synleggjere dei gode eksempla og inspirere fleire bedrifter til å løfte samfunnsansvar opp på eit målretta og strategisk nivå. Ho trur Sogn og Fjordane har gode føresetnader for å lykkast med å bli eit nasjonalt føregangsfylke på samfunnsansvar.

– Dette er eit område fylket ønskjer å arbeide strategisk vidare med. Bedriftene og folk i fylket er svært opptekne av å ta vare på lokalsamfunnet sitt, med tanke på å inkludere dei som fell utanfor arbeidslivet, tilby lærlingplassar, ta vare på miljøet, sponse lokale idrettslag, organisasjonar og arrangement og ha fokus på menneskeverd.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.