Desse ser etter nye medarbeidarar

Skriven 2018-11-01 under Nyheiter

Jobbmarknaden i Sogn og Fjordane byr på. Også denne veka dukka det opp mykje spennande.

Havyard Ship Technology i Leirvik har ei solid ordrebok med mange krevjande prosjekt framover, og har no lyst ut fire stillingar:

Aksello leitar etter sin nye forretningsutviklar og ser etter deg som har lyst til å hjelpe grunderar med å skape framtidas arbeidsplass. Om du har lyst til å jobbe i eit innovativt miljø i moderne lokale i Florø, så hugs å søke før 15. november.

Lotteri- og stiftelsestilsynet har ledig stilling som systemutviklar i einiga for IKT. Her får du jobbe i eit breitt utviklingsmiljø som deltar i og styrer utviklingsprosjekt.

Enivest er den største kommunikasjonsaktøren  i Sogn og Fjordane, og no har internettleverandøren publisert to ledige stillingar: Salssjef bedrift og kunderådgjevar bedrift.

Stryn kommune ser etter deg som har bakgrunn som byggingeniør, arkitekt, jurist eller anna relevant utdanning for stillinga avdelingsleiar byggesak og regulering. 

Melin Medical er ein internasjonal leverandør av betalings- og administrasjonsløysingar, og no treng dei ein rekneskapsførar. Hugs søknadsfrist fredag 9. november!

Rehabiliteringssenteret Røde kors Haugland har ledige to vikarstillingar som fysioterapeut ved senteret. Ei stilling frå 01.01.19 – 31.12.19 og ei stilling frå 01.04.19 – 31.12.19. Om du har interesse for rehabilitering, skal du sjå nærare på dei.

Fleire ledige stillingar i Sogn og Fjordane finn du her.