Designar banebrytande skip: – Vi treng fleire tilsette

Skriven 24.04.2019 under Nyheiter

Med to nye store oppdrag stadfestar Naval Consult at dei er leiande innan design av kystfiskeflåte. No jaktar dei nye tilsette.

– Elias Johan og Arnøytind er to nye skip som er banebrytande på kvar sin måte. Elias Johan er eit svært og kraftig spesifisert fartøy for fiske under tøffe forhold og særs tilrettelagt for avansert fangsttilarbeiding. Arnøytind er i ein nisje for seg sjølv, og det ligg mykje nytenking bak skipet. Drivstofforbruket skal minimaliserast, og fartøyet skal drive innovative fiskeri.

Det seier Erlend Hagen, dagleg leiar i Naval Consult. Dei har kontor midt i skipsleia på Raudeberg i Vågsøy og utformar morgondagens effektive og miljøvenlege fartøy. No som dei er inne i utviklinga av nye prestisjefartøy, ser dei etter nye medarbeidarar.

Treng skipsingeniørar, maskinistar, fiskarar og sjøfolk

– Vi er på jakt etter personar som er levande engasjerte i å utvikle og forbetre fartøysdesign. Vi ønsker menneske med noko erfaring, slik at ein kan arbeide sjølvstendig innan eitt eller fleire felt. I dag har alle våre tilsette mangeårig erfaring frå felt som fiskeri, oppdrett, skipsverft, frå maritime myndigheiter og klasseselskap. Dette er ein styrke for selskapet, og vi ønsker nye personar med liknande erfaring. Vi treng skipsingeniørar, maskinistar og gjerne fiskarar eller sjøfolk med teknisk kunnskap, seier Hagen.

Store karrieremoglegheiter

Han skildrar eit ressurssterkt og hjelpsamt arbeidsmiljø med allsidig bakgrunn.

– I dag er miljøet prega av erfarne personar som arbeider både sjølvstendig og i team. Med ulik og allsidig bakgrunn har vi til saman eit sterkt og kompetent team. Ein nytilsett med mindre erfaring vil såleis finne mykje støtte hos kollegaene.

Naval Consult kan tilby ulike karrieremoglegheiter for rette personen.

– Vi arbeider opp mot verft, underleverandører, utstyrsleverandører og rederi i inn- og utland. Fleirspråklege tilsette vil vere nyttig for oss, og avhengig av kompetanse og ambisjonar vil det vere mogeleg å sikte i ulike retningar. Er du engasjert i strukturdesign og styrkeberekning kan du bli ein nøkkelperson innan det fagfeltet. Om du er engasjert i arrangement og design, kan du fort ta del i utforming av nye fartøy. Prosjektleiaransvar og sal er også aktuelt, seier Hagen.

Marknadsleiande og innovative

Det velrenommerte skipskonsulentselskapet vart etablert i 1983 og har lenge vore marknadsleiande innan kystnotfartøy. Med jobb i Naval Consult vil du vere del av eit innovativt selskap med forsprang på konkurrentane.

– Vi er eit av designselskapa i landet med lengst historie. Vi kjenner og har vore med å utforme fartøysgruppa vi kallar «stor kyst» til det den er i dag. Det at vi får oppdrag som Elias Johan og Arnøytind er ei stadfesting på at Naval Consult fortsatt er selskapet med størst tillit i denne fartøysgruppa. Nytenkande rederi ser at det er hos oss dei får realisert innovative planar.

Også jobb til partnaren

Med arbeidsstad i Vågsøy, kan Hagen lokke med både jobb til partnaren, ei aktiv fritid, gode oppvekstvilkår, rimelege bustadprisar og noko av det flottaste kysten har å by på ytst i havgapet.

– Vi har eit svært spennande og sterkt næringsliv i Vågsøy, og her er gode sjansar for jobb til ein eventuell partnar. I tillegg til eit stort skipsdesignmiljø finn du eit solid miljø for grøn it og teknologiutvikling, fleire maritime og marine verksemder og store planar for reiselivsutvikling. Fleire av selskapa figurerer i toppsjiktet både nasjonalt og internasjonalt. Kontakt gjerne Måløy vekst for å høyre meir, eller søk etter jobb nr 2 i Framtidsfylket sin jobbportal.

Han oppmodar kvalifiserte søkarar til å ta kontakt.

– Vi håpar på mange gode søknadar. Om rette personen dukkar opp kan vi tilby ein interessant jobb og gode vilkår.

Gå til stillingsannonsen

Vakkert: Vågsøy kan skilte med noko av det flottaste kysten har å by på ytst i havgapet. Vakre strender, kystkultur på nært hald, toppturar med havutsikt, båtliv, dykking og ærverdige fyr. 

Sjå fleire ledige stillingar på framtidsfylket.no

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.