Kmbergen201817 768x512

Datoane er spikra!

Skriven 16.08.2018 under Nyheiter, Ukategorisert

Møt din framtidige arbeidsgjevar på Framtidsfylket Karrieremesse i Bergen, Oslo og Trondheim. 

For 13. gong arrangerer vi karrieremesser i dei store byane i Norge og vi håpar å sjå nettopp DEG der.

Hald av 26. januar for messe i Oslo, 31. januar for Trondheim og 13. februar for messa i Bergen.

– Detaljane rundt karrieremessa i Oslo er endå ikkje heilt klare, men vi kjem sjølvsagt med oppdatering så snart alt er på plass. Rammene rundt Oslo-messa blir litt annleis enn i Bergen og Trondheim, og vi gler oss til å vise den fram, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Viktig møteplass
Framtidsfylket Karrieremesser har blitt ein fast møteplass mellom næringslivet og potensielle tilflyttarar til Sogn og Fjordane.
– Er ein på jobbjakt eller nysgjerrig på dei spennande bedriftene som held til i Sogn og Fjordane vil vi absolutt anbefale å ta turen. Det fins mange eksempel på deltakarar som har fått tilbod om jobb i etterkant av messene våre, Hovland.

Bør stille forberedt
Informasjon om kva bedrifter som har stand på messene blir lagt ut i god tid. Det kan vere greitt å lage seg ei oversikt over kven ein skal snakke med i forkant av messene.
– Det er alltid smart å stille forberedt. Nokre av bedriftene tilbyr også speedintervju og då kan det vere lurt å ha gjort seg nokre tankar på førehand, meiner Hovland.

Les også: 12 gode råd for deg som skal på karrieremesse

Frir til bedriftene
Hovland oppmodar næringslivet i Sogn og Fjordane til å bli med på laget for å vise fram alt det spennande som skjer i fylket.
– Det er uendeleg med mulegheiter og spennande jobbar i fylket vårt. Vi i Framtidsfylket treng bedriftene si hjelp til å vise fram nettopp dette. Deltakarane på messene møter opp for å sjå kva som fins og for å snakke med bedriftene, og då er mangfald og solid oppmøte viktig, seier Hovland.

 

Sjå video frå Framtidsfylket Karrieremesse i Trondheim 2018.

 

Les også: Flaug frå Oslo til Bergen for å møte Tibber
Les også: 20 kandidatar på blokka etter karrieremesse