Bygd eller by?

Skriven 03.05.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Det er månadar sidan «brakkesjuke» blei ein del av daglegtalen, og handvask blei dagens viktigaste gjeremål. I desse månadane har vi vert ekstra glade for valet vi tok for tre år sidan.

Då koronaen kom blei videomøter raskt ein del av vår nye kvardag. Både i jobbsamanheng, men også for å dekke vårt sosiale behov. Heimekontor fungerte fint ein periode, og fredagsquizen med vennene på Facetime var heilt topp. Dei første vekene.

 

Men no er eg neppe aleine om å kjenne meg rastlaus.

 

Det einaste kalenderen er fylt med er videomøter, og ingen veit når kvardagen blir normal igjen. Barnehagen har sendt ut førespurnad om kva veker borna skal ha fri i sommar. Èi veke etter at barnehagane (ENDELEG!) opna igjen. Med ungar på 1 og 3 år, kjentes det som julaftan og bursdag på same tid, den dagen vi stod utanfor porten og skulle levere. Og no skal ein planlegge sommarferien?

Korleis den blir, er det fortsatt få som veit. Hytteforbudet er oppheva, men ein blir oppmoda om å halde seg heime.

 

Eg kikkar ut av vindauget, og ser på «heime».

 

Og gjett om eg blir glad. For min del er «heime» fjord, fjell, og uendeleg med plass. Korona eller ei, her har vi det godt.

Det er i overkant av to år sidan vi flytta frå den mest regnfulle storbyen i landet, for å bygge og bu i ei lita bygd i Vestland.

 

Skeptisk? Ja. Angra vi? Nei.

 

For sjølv om det kjennes ut som vi har flytta til den mest regnfulle bygda i landet, så trivast vi godt her.

Men det er jo ikkje for alle. Det er for dei som er glade i fjellturar med magisk utsikt, toppturar, pudderfri, kajakk i solnedgang, kjekke kulturtilbod, spennande jobbar, køfrie vegar og eit relativt avslappa liv.

Vi valde det. Og akkurat no er vi kanskje ekstra glade for det. For akkurat no er det diggare enn nokon gong å bu på bygda.

 

Marie, Framtidsfylket

 

Psssst! Her er det plass til fleire! Sjekk ut alle våre ledige stillingar her.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.