Bendik 768x512

Bendik Fossen

Skriven 25.09.2017 under Trainee

Utdanning

Bachelor frå Høgskulen i Bergen og master frå NTNU i elkraftteknikk. Masteroppgåve utført i samarbeid med Sunnfjord Energi AS.

Traineestilling

I august starta eg i stillinga som trainee på nettavdelinga hjå Sunnfjord Energi. Her er eg med dei ulike avdelingane på utbyggingsprosjekt og forskjellige driftssituasjonar. Hovudoppgåver er feilstatistikk, nettanalyse og relévern.

Difor søkte eg traineestillinga

Gjennom studie og sommarvikarerfaring har eg fått eit veldig positivt inntrykk av energibransjen. Den har ei stadig viktigare samfunnsrolle med tilhøyrande spennande arbeidsoppgåver og framtidige utfordringar. Ei traineestilling som gav spelerom til å bli betre kjent med dei sterke fagmiljøa hjå det lokale nettselskapet i heimkommunen var slik ideelt for meg.

Traineeordninga til Framtidsfylket gav ein unik moglegheit til å knytte nettverk og kjennskap til næringslivet i fylket på tvers av bransjar. Traineestillinga vektla fagleg og personleg utvikling over eit bredt spekter som gjorde det enkelt å søkje.